– Utviklingsmidlane i landbruket verkar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ein studie av Henrik Eli Almaas, som har sett på om BU-midlane verkar etter føremålet, og kva som kjenneteiknar dei bøndene som bidreg til at ein når føremålet, skriv Ruralis på nettsidene sine.

BU-midlane skal støtte investeringar innan tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar, for å motivere bønder til å gjere investeringar i tråd med måla i landbrukspolitikken.

Gode sosiale nettverk er viktig

– Det er forskjellar på kor godt bøndene lykkast med å nå måla. Yngre bønder har høgare måloppnåing enn eldre bønder. Større hushald med tilgang på ekstra arbeidskraft har høgare måloppnåing samanlikna med mindre hushald. Samtidig heng gode sosiale nettverk positivt saman med måloppnåing, fortel Almaas til ruralis.no.

Bygdeutviklingsmidlane er todelt og vert gitt til investeringar i tradisjonell plante- og dyreproduksjon, og til bygdenæringar, som vil seie tilleggsnæringar eller attåtnæringar.

– I tradisjonelle næringar er måloppnåing høgare for menn enn kvinner. Dette er ikkje overraskande sidan bondeyrket er eit mannsdominert yrke.

Bygdenæringar er også mannsdominerte sidan mange bygdenæringar inneber jordbruksmaskiner til for eksempel brøyting av snø og leigekøyring.

Verkar som midlane favoriserer søknader frå høgt utdanna

– Dersom ein berre hadde sett på nyare og meir innovative bygdenæringar, som turisme, utdanningstenester, omsorgstenester og råvareforedling, ville ein kanskje sett eit anna resultat, der måloppnåinga til kvinner kan hende ville vore høgare, meiner Almaas

Studien viser også at bønder med høgare utdanning gjer det betre.

– Halvparten av mottakarane av bygdeutviklingsmidlar hadde ein grad frå universitet eller høgskule. Det verkar som bygdeutviklingsmidlane favoriserer søknader frå høgt utdanna bønder, eller at høgt utdanna bønder utgjer ein høgare del av søkjarane. Bønder med universitet eller høgskule har høgare måloppnåing, samanlikna med bønder med vidaregåande skule og fordjuping i landbruksfag eller yrkesfag, fortel Almaas.