Framtidas bygde-Noreg

Vemund Viken, AUF i Oppland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Noreg er eit land med fantastiske forhold for program av typen «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Vi som bur her er spreidde utover som ei pose klinkekuler etter at det har gått hól på han. Byane vil alltids klare seg, men om distrikta ikkje skal forvitre, trengst det ny og framtidsretta politikk. Her er tre refleksjonar om korleis bygde-Noreg kan utviklast:

Kommune 3.0

Vemund Viken (21) er lektorstudent ved Universitetet i Oslo og medlem av internasjonalt utval i AUF i Oppland.

Dei siste 30 åra har det vore tydlege endringar i korleis ein ser for seg forholdet mellom kommunen og innbyggjarane. Det «tradisjonelle» synet (kommune 1.0) såg på kommunen som ein myndigheit som innbyggjarane måtte ta det dei fekk frå. Dette synet blei utfordra av New Public Managment-bølgja på 90-talet. Her blei kommunen sett på som ein tenesteleverandør som innbyggjarane («brukarane») kunne stille krav til (kommune 2.0).

Denne tenkemåten er ikkje daud, men fleire av svakheitene har kome fram i lyset og det har vakse fram eit kompromissforslag som går under namnet «kommune 3.0». Kommunen er ein fellesskap der ein skal finne dei gode løysingane saman. Eller som det blei formulert på eit folkemøte i heimkommunen min: «vi skal bryte ned grensene mellom dei og oss, slik at fleire på kjenne på gleda av å hjelpe til.»

Dette er ei kort og enkel framstilling, men seier noko sentralt om korleis vi bør tenke om kommunal tenesteyting i framtida. Vi er ein fellesskap med ei rekke felles mål som alle har interesse av å oppnå.

Sterke lokalsamfunn

Eit av desse måla er sterke lokalsamfunn, og til det trengst kvalitet og innovasjon. Bygda kan ikkje konkurrere med byen når det gjeld kor mange tilbod innbyggjarane kan velje mellom, men det er mogleg å konkurrere på kvalitet og innovasjon. Her kjem vi inn på spørsmålet om samanslåing av grendeskolar og samlokalisering av andre kommunale tenester; svekker det bygdene?

Eg trur det avheng av kva ein gjer ut av det. Om ein kan bygge ein ny skule eller ny sjukeheim på ein sentral plass og jobbe hardt med kvalitet og innovasjon, kan det heller vere ei styrke for bygda. Å satse på lokale regionsentra og gjere småbyar ut av dei, kan vere smertefullt, men vanskeleg å kome unna. Framtidas bygder må ha eit godt samferdsels- og tenestetilbod som folk føler at dekker deira behov.

Levande landbrukspolitikk

Eg meiner ikkje at bygdene skal legge frå seg alle særtrekk og bli storbyar. Ein «småbypolitikk» må sjåast i samanheng med landbrukspolitikken. Eit bygde-Noreg utan landbruk er ikkje noko å trakte etter. Den politikken som har blitt ført dei siste fire åra har klare svakheiter; mykje fordi han gjer dei store større og dei små mindre, men også fordi han har vore så totalt i utakt med næringa.

Ein framtidsretta og levande landbrukspolitikk kan ikkje utformast på eit kontor i Oslo, men i fjøset og ute på jordet. Landbrukspolitikken må utformast på landbruket sine premiss. Der er det ein del parti, mitt eige blant dei, som kan ha noko å lære.

Betre, ikkje meir

Fellesnemnaren for desse punkta er ein tanke eg har henta frå Bård Vegar Solhjell. Når ein tenker utvikling, er det fort gjort å tenke at ein skal ha meir av det ein allereie har. Meir pengar og meir ressursar. Eit meir berekraftig og framtidsretta syn er å tenke at ein skal gjere det ein har betre. Betre forvaltning av pengane og betre bruk av ressursane ein har tilgjengeleg. Her har vi kanskje noko å lære alle som ein?

Uansett, og for å runde av: bygdene og distrikta er område med store ressursar som vi kjem til å få god bruk for i framtida. Det gjeld berre å utnytte dei på rett måte.