Bibelske gutenamn populære, men færre blir døypte

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 12.03.2018 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Namnestatistikken for gutar i 2017 er toppa av dei bibelske gutenamna Jakob og Lukas, seier seniorrådgjevar Jørgen Ouren, som har ansvar for namnestatistikken i Statistisk sentralbyrå.

Namna Filip, Noah, Elias og Isak er også å finne på lista over dei ti mest populære gutenamna i fjor.

Delen av døypte går ned

Den høge delen bibelske namn dei siste åra kjem likevel ikkje av at nordmenn er blitt meir religiøse. Kyrkjestatistikken viser at delen døypte har gått betrakteleg ned. I 2006 vart 73,9 prosent norske barn døypte, mot 55,3 prosent i 2016.

Kyrkja har dessutan fått både færre besøkjande og færre medlemmer. På byrjinga på 1990-talet var gudstenestebesøket på nær 7,5 millionar årleg. I 2016 var dette talet nede på rundt 5,7 millionar deltakarar.

Bibelske namn ikkje like populære for jenter

I 1970 var 94 prosent av befolkninga medlemmer av kyrkja. Det svarar til 3,6 millionar personar. I 2016, der folketalet har auka betrakteleg, var medlemstalet på 3,8 millionar, mens 350.000 stod registrerte som medlemmer av andre kristne trussamfunn. Til saman svarar til dette 79 prosent av befolkninga.

Bibelske namn er ikkje like populære for jenter som for gutar, men også på topp-ti-lista for jenter finst eit par eksempel. Sara ligg på fjerdeplass, mens Maja (frå Maria) ligg på sjuandeplass. Lea eller Leah hamnar på 11.-plass, akkurat utanfor topp-ti-lista.