Alle i Japan kan ha etternamnet Sato i år 2531, meiner professor

Fleire organisasjonar prøver å endre lova som krev at ektefellar skal ha same etternamn.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka vart fyrst publisert av systeravisa vår Framtida Junior.

Japan er det einaste landet i verda som krev at ektefellar skal ha det same etternamnet. Som oftast er det kvinna som endrar sitt namn når ho giftar seg.

Professor Hiroshi Yoshida ved Tohoku University har gjort berekningar som viser at viss ikkje lova blir endra, vil alle i Japan ha etternamnet Sato i 2531. Det skriv The Guardian. Sato er det vanlegaste etternamnet i Japan.

Studien til Yoshida er bestilt av ein organisasjon som ønsker at det skal bli lov å velje etternamnet sitt.