Færre blir døypt og konfirmert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Både delen og talet på fødde som blir døypt, gjekk ned, melder Vårt Land. I fjor blei 32.542 personar døypt, noko som svarar til 55,3 prosent av alle fødde. Året før var delen 2,5 prosentpoeng høgare, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Mykje av fallet i dåpsraten kjem av at vi har fått eit meir mangfaldig samfunn med mange tilflyttarar med ein annan kulturell bakgrunn, seier stiftsdirektør Freddy Knutsen på Hamar ­bispedømme.

Der var delen døypte høgare enn gjennomsnittet – 73 prosent – men også nedgangen var større: 4 prosentpoeng. Også for det neste store overgangsritet var det ein nedgang. 60 prosent av 15-åringen gjekk til konfirmasjon i Den norske kyrkje i fjor. Året før var delen 61,5 prosent.

Litt over 552.000 skoleelevar deltok ved 2.849 skolegudstenester i fjor, noko som er ein liten auke. Også det totale talet på gudstenester auka noko, mens den samla deltakinga fall 1,8 prosent til 5,67 millionar deltakarar.

Opninga for inn- og utmelding på nett bidrog til at 41.024 forlét kyrkja i fjor, mens 3.147 melde seg inn.