– Det er ikkje dei unge som treng opplæring i sosiale medium. Det er dei vaksne

Nettmoderator i VG, Øyvind Solstad, anslår at minst ni av ti av dei som vert kasta ut av kommentarfelta deira er menn over 50 år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje dei unge som treng opplæring i nettvett

– Det er ikkje dei unge som treng opplæring og oppfølging på nett og i sosiale medium. Det er dei vaksne, seier Solstad til NRK.

Tysdag kom tal frå Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) som viste at seks av ti nordmenn deltar i Facebook-diskusjonar kvar månad. LDOs gjennomgang viste også at hatefulle ytringar er utbreidde i kommentarfelta.

Solstad antydar at det som oftast er menn over 50 år som slit med godt nettvett.

– Ut av dei som ytra seg så stygt at dei faktisk blei utestengde vil eg tippe at minst ni av ti var menn over 50 år.

Han fortel at mange vaksne menn rasar i kommentarfelta, spesielt over innvandring og unge kvinner i maktposisjonar.

(©NPK)