Ny rekord for klimagassen metan

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av det nasjonale programmet «Overvaking av klimagassar, ozonlag og atmosfæriske forureiningar», som er ein del av den statlege overvakinga av forureining i Noreg.

På vegner av Miljødirektoratet måler Norsk institutt for luftforsking (NILU) mengda klimagassar i atmosfæren ved to stasjonar. Dette inngår i eit internasjonalt nett av overvakingsstasjonar som måler klimagasskonsentrasjonar i atmosfæren.

– Det er svært urovekkjande at konsentrasjonen av metan og CO2 aukar så kraftig. Det viser endå ein gong at det hastar med å setje i verk tiltak som reduserer utsleppa av klimagassar på kort og lang sikt, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Ein studie frå i fjor viser at metan har eit strålingspådriv som er 25 prosent sterkare enn forskarane tidlegare har lagt til grunn. Det betyr at metan spelar ei større rolle for den globale klimaoppvarminga enn tidlegare antatt.

– Etter CO2 er metan den menneskeskapte klimagassen som har størst betydning for globale oppvarming. Metan vert danna både gjennom naturlege prosessar og som følgje av menneskeleg aktivitet. Over ein hundreårsperiode er metan 32 gonger så kraftig som CO2, forklarer seniorforskar Cathrine Lund Myhre frå NILU.

LES OGSÅ: Klimaris skal få ned metanproduksjonen