Varmerekord i Arktis: – Det er berre heilt vilt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er berre heilt vilt, seier Mark Serreze, leiar for amerikanske National Snow and Ice Data Center (NSIDC), som har studert Arktis sidan 1982.

– Desse hetebølgjene, eg har aldri sett noko liknande.

Vond sirkel

Meteorologar reknar vintermånadene som desember, januar og februar, og temperaturane i Arktis desse månadene ligg 4,9 grader over det som har vore vanleg tidlegare. Serreze og andre ekspertar understrekar at det ein ser no er eineståande og er ein del av ein vond sirkel skapt av global oppvarming.

Temperaturane som i februar vart observert ved Kapp Morris Jesup, Grønlands nordlegaste fastlandspunkt, er temperaturar som er vanlege for mai, opplyser Ruth Mottram ved Danmarks meteorologiske institutt. (©NPK)

På Svalbard har det vore samanhengande sju år med temperaturar over normalen: