Kuldeforskar åtvarar mot tettpakka påkledning i kulda

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med det som er den kaldaste starten på mars på svært lang tid, er det truleg mange som har prøvd å polstra kroppen før dei går ut i minusgradene, noko kuldeforskar Arvid Påsche har studert effekten av.

– I kulda må vi unngå å mista for mykje varme. Då er det aller viktigast å passa på hovudet, for det er den delen av kroppen som har størst varmeforbruk- og tap. Så på med ei god lue. Til andre delar skrur kroppen ned varmeleveransen når det blir kaldt. Til dømes går det lite varmt blod til fingrar og tær, og difor kjenner ein fort at ein frys der, seier Påsche til NTB.

I tillegg til at kulda bit utanfrå, kjøler ein altså sjølv ned innanfrå.

– Du misser mobilitet, og det du vil gjera med hendene, det er vondt og det blir vanskeleg å utføra dei tinga du ønskjer, seier Pasche.

LES OGSÅ: Derfor blir du forkjølt i kulda

Hald på lufta

Viss ein vil halda seg varm på hender og føter, har han nokre råd.

– Først er det veldig viktig å halda seg tørr, fukt reduserer isolasjonen i påkledningen dramatisk. Deretter er ull, som dei fleste veit, betre enn bomull. Det er lufta i materialane som er termisk vern og isolerer. Difor er det viktig med luftige kle der opningar kan snørast igjen, slik at ikkje lufta blir ventilert ut heile tida, forklarar han.

Han nemner jakker med snøring i botn og hals som døme.

– Sidan varmluft stig opp er det særleg viktig å tetta igjen i halsregionen. Gjer du det, blir mykje varme halde inne. Vottar varmar betre enn hanskar, både fordi det er det er luft rundt fingrane og fordi fingrane er samla, så overflata er mindre enn om fingrane sprikjer.

Gå opp ein storleik på skoa på vinterstid, så blir det plass til både ullsokkar og ekstra sole på dei kaldaste dagane. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Ikkje flatpakk

Påsche rår til å ikkje pakka kle og sko for tett på kroppen. Lag-på-lag-taktikken kan bli feil viss laga blir så mange at det blir trongt.

– På føtene er det til dømes viktig å auka isolasjonen, for eksempel med ein ekstra sole eller ullsokkar, men viss det blir trongt, forsvinn luftisolasjonen og ikkje minst blodsirkulasjonen i føtene, seier han.

Tipset er å gå opp ein storleik, så det blir plass til isolasjonen og foten.

– På vinterfottøy er det også lurt å berre ha snøring øvst, slik at ein ikkje strammar sko eller støvlar tett på foten og rundt ankelen. Med snøring berre øvst får ein den same isolasjonseffekten som ved å tetta jakkehalsen, seier Påsche.

– Totalt sett er kanskje ikkje skikkeleg påkledning så elegant, men viss du ønskjer å halda tærne varme, så får elegansen vika, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Skyt ned is med rifle