Skyt ned is med rifle
Sikrar vegane med rifle.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sikrar vegane med rifle
Høyrer du skot langs vegen, kan det vera vegentreprenørar på jobb.
Risa som har vegvedlikehald for Statens vegvesen på dei fleste lokale vegane, opplyser at dei stadig må ta dette utradisjonelle verkemiddelet i bruk for å sikra vegane.
— Me skyt med rifle på is som heng over vegen. Dette er beste måten å sikra vegane mot den overhangande faren for trafikantane, seier anleggsleiar Einar Alveberg i Risa AS til Grannar.
Han opplyser at det vil bli ein god del slik skyting framover. Det er spesielt når kulda kjem at den farefulle isen veks.