Smog får folk til å immigrere

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til trass for at Taiwan også blir ramma av luftforureining, vel folk frå både fastlandet og Hong Kong å flytte til Taiwan for å få frisk luft. Fenomenet blir kalla ‘smog migrasjon’.

I fjor søkte 7.600 frå Hong Kong om immigrasjonsvisum – ei auke på 8.6 prosent frå 2015. I 2017 registrerte Taiwan 1,086 immigrantar frå Hong Kong.

– Taiwan er nærme Hong Kong, har liknande språk og kultur, og det er billigare å bu der, forklarte direktør i Goldmax Immigration Consulting, Benny Cheung, til South China Morning Post.

Iverksette nødsituasjonsplan

Luftforureininga i Taiwan er mindre alvorleg enn den er på fastlands-Kina, men smog skapar likevel i ny og ne problem for befolkninga. I slutten av februar varsla smog-målingane på øya oransje og raude tilstandar, som betyr at lufta kan vere skadeleg ikkje berre for sensitive grupper, men for folk flest. Øya hadde også kraftig luftforureining i desember – så alvorleg at myndigheitene iverksette ein nødsituasjonsplan.

Det statlege energiselskapet Taiwan Power Co. stengte av åtte kolbrennarar, båtar blei bedt om å senke farten nær land for å minske bensinforbruket, og bønder blei bøtelagde dersom dei brann avfall utandørs.

I den sørlege byen Kaohsiung fekk også folk reise gratis med T-bane under rushtida for å minske utslepp frå bilar.

Smog frå fastlandet

Forureininga på Taiwan kjem både frå industri og trafikk på øya. I tillegg kjem forureina luft blåsande over frå fastlandet. Påverknad frå naboen er spesielt tydeleg under vintermånadane, når kolforbrenninga går opp og kalde temperaturar pressar lufta nedover.

Taiwans geografi er også ein medverkande faktor; hovudstaden Taipei er omringa av ein ring av fjell som stoppar vinden frå å blåse bort dei forureinande partiklane i lufta.

Dette meiner taiwansk ungdom om forureininga i Taiwan:

Lin Xinyu

Lin Xinyu (21)

– I forhold til fastlandet (Kina), eller andre stader det er mykje smog, så er ikkje lufta så gale i Taiwan. Men eg trur det er verre her i nord, i Taipei, enn til dømes i sør. Trafikken er mykje verre her.

 

Li ChengxingLi Chengxing (17)

– Lufta her er heilt ok. Eg trur ikkje den kjem til å vere så verst i framtida heller.

 

 

Jia Hong.Jia Hong (27)

– Samanlikna med andre land, så trur eg ikkje lufta i Taiwan er så bra. Men eg er vant til det.

 

 

Guo MengfanGuo Mengfan (26)

– Eg synest at lufta i Taipei eigentleg ikkje er så bra. I år har det vore meir luftforureining enn før. Eg trur lufta i Europa er mykje betre. Lufta her på Taiwan blir berre verre og verre.

 

Denne saka er ein del av prosjektet «Jordbær-republikken Taiwan», gjort i samarbeid med Universitas, med støtte frå Fritt Ord. Les fleire saker frå prosjektet her