Fleire elevar på helse- og oppvekstfag – færre går på TIP

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 27.02.2018 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 2010 har talet elevar som byrja med helse- og oppvekstfag på første trinn i vidaregåande skule, auka med over 2000. 14,5 prosent av elevane som byrja på vg1 hausten 2017, er i dette utdanningsprogrammet, det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

For design og handverk har trenden gått motsett veg. Her har talet på elevar gått ned med over ein tredel frå 2010 til 2017. Dette utgjer ein nedgang på nær 1200 elevar.

Færre TIP-elevar

Etter ein viss auke fram til 2012, har det dei siste fem åra òg vore ein markert nedgåande trend for talet på elevar på vg1 teknikk og industriell produksjon.

Frå å ha 9,6 prosent av alle elevar på det første klassetrinnet til vidaregåande skule i 2012 er talet i 2017 nede i 7,7 prosent. Dette utgjer ein nedgang på over 1800 elevar.

Talet på elevar på VG1. Kjelde: SSB

Studiespesialisering framleis størst

For skuleåret 2017/18 går i underkant av 38 prosent av VG1-elevane på studiespesialisering – det klart største utdanningsprogrammet.

Talet på elevar på studiespesialisering har blitt redusert med nær 2400 dei siste par åra. Dette må likevel sjåast i lys av at formgjevingsfag, som tidlegare var ein del av studiespesialisering, frå 2016 vart omgjort til eit eige utdanningsprogram: Kunst, design og arkitektur.