– Ingenting er betre, seier leiaren i Noregs Mållag.

mm

Stord kommune har lenge kalla seg verdas største nynorskby, og ingen andre kommunar har fleire elevar med nynorsk som hovudmål. I valprogrammet sitt har no Stord Venstre programfesta å «vidareutvikla Stord som nynorskhovudstad».

– Me er jo verdas største nynorskby og Stord har gjort mykje for nynorsken, seier ordførarkandidat Geir Angeltveit (V) til Framtida.no.

LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar mest

Han skryt av lokalavisa Sunnhordland og mållaget lokalt for innsatsen for å vidareutvikla stillinga til nynorsken i kommunen.

– Ein ting eg er veldig stolt over, er at me har fått nynorsk i vaksenopplæringa etter forslag frå Venstre og Senterpartiet. Det set presedens for andre mindre kommunar som framleis har bokmål som opplæringsmål i vaksenopplæringa.

Når det gjeld konkret korleis han vil «vidareutvikla Stord som nynorskhovudstad», så ønskjer han å oppmoda lokalt næringsliv til å nytta meir nynorsk, støtta den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu og passa på at elevane får læremiddel på nynorsk. Han strekar under at det òg er viktig at bibliotek og skulebibliotek passar på at dei viser fram nynorsk litteratur.

– Elles likar eg å leggja til rette for at andre engasjerte kan koma med løysingar, seier ordførarkandidaten til Stord Venstre.

LES OGSÅ: – Nynorske læremiddel må på plass

Fleire kandidatar
Stord får likevel motstand i kampen om å vera nynorskhovudstaden. Tidlegare i år uttalte partikollega Erlend Horn at Bergen er nynorskhovudstaden i landet, samstundes som han fekk med seg bystyret på meir nynorsk i barneskulen.

I fjor skreiv Førde kommune dette i ein søknad til Kulturdepartementet: «Ingen har tatt posisjonen og ansvaret som nynorskhovudstad sjølv om både Stord, Bergen, Haugesund, Sogndal, Ørsta/Volda har ein sterk nynorskkultur. Førde vil ta dette ansvaret.» Kulturministeren kvitterte med å løyva ein halv million til eit prosjekt for nynorskbyen Førde.

LES OGSÅ: Auke i talet på nynorskbrukarar

Rom for fleire?
Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø synest det er bra at det er kamp om å vera nynorskhovudstad.

– Kanskje er det rom for fleire? Det betyr at det er fleire kommunar som vil ta vare på nynorsken. Det er jo eit veldig bra signal, seier ho.

Mållagsleiaren vil vera forsiktig med å peika på ein vinnar i kampen om å vera nynorskhovudstad, men skryt av Stord som nynorskby.

– At McDonalds opplever at dei må reklamera på nynorsk når dei etablerer seg på Stord er eit sterkt teikn på at ein gjer noko rett. Det har noko med at ein etablerer strukturar som gjer at det blir lettare å ta vare på nynorsken når nye bedrifter etablerer seg, seier ho. Ho viser òg til at det store handelshuset i Førde nyttar nynorsk som eit anna døme på at det strukturar som fremjar nynorsken.

LES OGSÅ: Vil ha nynorsk McDonalds på Stord

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03
ANNONSE