Kan Bergen bli nynorskhovudstad?

LNK
LNK

Målet er å flytte Hordaland Teater frå Stend til Bergen sentrum, gi det navnet Jon Fosse-teateret og dermed etablere eit nynorsk kraftsentrum.

– Oslo har dei store nynorskinstitusjonane; Det Norske Teatret, forlaget Samlaget, avisa Dag og Tid. Det er historiske grunnar til at det er slik. Men er det naudsynt at Oslo skal vere nynorskhovudstad? Det er stadig mindre openbert, skriv kultur – og debattredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik.

No blir det diskutert korleis ein kan samle nynorskkreftene i vest. Tanken om eit nynorsk teater i Bergen er høgst aktuell.

LES OGSÅ: – Nynorsk er ein fordel

Styreleiar i Kultur Vest, Pål W. Lorentzen, seier dette til BT;

– Kultur Vest hjelper Hordaland Teater med å flytte frå Stend til Bergen sentrum. Me veit at forfattaren Jon Fosse alt har gått med på at teatret vert kalla Jon Fosse-teatret. Greier me å få dette til, så meiner me at andre slags aktivitetar kan knytast til. Det kan vere litteratur, bøker, musikk. Slik kan dette utviklast til eit kraftsentrum for nynorsk.

– Eg er ikkje redd for at eit nynorsk teater i Bergen med tilknytt institusjonar vil gå ut over eller gjere dei andre institusjonane som alt finst i dag rundt på Vestlandet mindre viktige. Eg er meir redd for at me ikkje snakkar nok saman, seier direktør ved Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad til Bergens Tidende.

Les òg: Universitetet i Bergen får stryk

Les saka på LNK.no!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

ANNONSE