120 slag for rettferd

Astrid Underlid
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag er det den internasjonale dagen for sosial rettferd. FN har laga over 100 slike dagar for å sette fokus på viktige tema og saker. Ein av dei mest kjende er AIDS-dagen, som markerast 1. desember. Den blei etablert i 1988, og blir årleg arrangert av regjeringar og organisasjonar over heile verda.

Frå 120 slag i minuttet. Foto/Copyright: ©Les Films de Pierre / Arthaus

Den 1. desember i 2017 såg veslesystera mi og eg førpremiere av den franske filmen 120 slag i minuttet, for å vere med å feire denne viktige dagen. I filmen følgjer vi medlemmar i aktivistgruppa ACT UP Paris som krevjar handling frå styresmaktene og legemiddelindustrien tidleg på 90-talet.

Det var ein heilt fantastisk film, og som filmentusiast er det sjeldan eg seier at det var ein av dei beste eg har sett. Den var sterk, rørande og vakker. Og sjølv om den var veldig trist, så var den også morosam og jordnær. Og noko av det som verkeleg gjorde den til ein unik kinooppleving, det var at den var så autentisk, rå og usminka. Filmen ga meg ei unik innsikt i noko som var før mi tid.

Teksten fortset under bildet.

Frå filmen 120 slag i minuttet. Foto/Copyright: ©Céline Nieszawer / Arthaus

Stilig at Noreg valde å ha førpremiere på AIDS-dagen

Idealist-Astrid hadde sett føre seg at kinosalen kom til å vere stappfull denne fredagskvelden, men dessverre var det berre fem andre enn systera mi og eg som hadde tatt turen. Det synst eg var skuffande. Og det tristaste av alt, var at dei gjekk under ei lang sex-scene mellom to menn. Det er lov å gå frå ein film, men det finst ikkje noko dårlegare tidspunkt å gå på slik eg ser det. Uansett synst eg det var veldig stilig at Noreg valde å ha førpremiere på denne filmen nettopp på AIDS-dagen, så vi fekk vere med på ei historisk oppleving.

Ein herleg dag å stå opp for rettferd på

120 slag i minuttet var ein av favorittane på filmfestivalen i Cannes og vann både Grand Prix, Filmkritikerprisen og Queer-palmen. Så kritikarane kan også anbefale den på det varmaste. Om du har lyst til å sjå filmen har den premiere her i landet den 23. mars.
Og om du har ei sak du brenn for, ein organisasjon du vil støtte eller ein venn i nøden, så er den internasjonale dagen for rettferd ein herleg dag å stå opp for rettferd på.