«Porno viser oss ei verd der vald blir til intimitet»
Nokre kallar porno fridom. Men er det fridom når dine nytingar er andre sine lidingar? spør Jon Gabriel Steinhovden (17).
Dette er ein tale som vann førstepris i talekonkurransen Ta ordet! Talen vart først publisert i Bergens Tidende og er omsett til nynorsk og republisert med løyve frå skribenten.
Kvel meg.
Ja, akkurat der.
Hardare. Fortare. Ikkje stopp.
Dette er replikkar frå ekte pornofilmar. Pornofilmar som venen din, barnet ditt, eller kanskje du sjølv ser på.
Første gongen eg høyrde dei replikkane, var eg elleve år. Eg var nysgjerrig. Men nysgjerrigheita blei eit behov. Eit behov som vaks som ein parasitt.
Og den parasitten gav eg husly, fordi ingen fortalde meg at porno ikkje er ekte sex.
Vi teier
Pornografi er eit samfunnsproblem. 87 prosent av gutar på 17–18 år har sett på porno. Likevel er dette tabu.
Porno er elefanten i rommet. Han trampar, men vi let som ingenting.
Vi tullar. Vi deler lenker. Men vi teier om kva porno eigentleg gjer med oss.
Porno formar synet vårt på intimitet, på kvinner, på grenser og på vårt eige sjølvbilete. Ifølgje NRK opplever sju av ti unge kvinner kvelingssex.
Ein psykoterapeut som har jobba med overgriparar i 25 år, seier at ho aldri har møtt ein einaste overgripar som ikkje hadde sett porno.
Og mykje av det overgriparar gjer, er kopiert frå pornoen dei ser. Porno viser oss ei verd der vald blir til intimitet. Der smerte blir til nyting. Der nei blir til ja.
Og snart blir pornoen du ser grovare.
Hardare. Fortare. Ikkje stopp.
Lever av våre klikk
Men dette er berre halve biletet. Bak skjermen finst ein industri med hundrevis av millionar besøk kvar dag. Ei maskin som lever av våre klikk.
Menneske – manipulert, truga, eller filma utan samtykke.
Nokre kallar porno fridom. At vaksne bestemmer sjølv kva dei vil sjå på. Men er det fridom når dine nytingar er andre sine lidingar? Pornhub måtte slette over ti millionar videoar fordi dei var ulovlege eller publisert utan samtykke.
Dette er moderne slavehandel, pakka inn som underhaldning. Og kvar gong vi trykker play, held vi maskina i gang.
Dømmer deg ikkje
Så la oss gjere noko anna.
La oss drepe parasitten, anerkjenne elefanten og knuse maskina!
Eg vil at porno skal forbys. Men eg forstår at det er vanskeleg å gjennomføre. Likevel, noko kan vi gjere. Til deg som sit fast i skjermen: Eg har vore der, eg dømer deg ikkje. Men snakk med nokon du stoler på.
Foreldre: Spør barnet ditt om dei har sett på porno. Ikkje for å skamme, men for å forstå.
Politikarar: Gjer pornoførebygging til ein del av seksualundervisninga. Krev ei aldersverifisering på pornosider som faktisk verkar!
For porno skader så mange av oss – både framfor og bak skjermen.
Hardare. Fortare. Ikkje stopp.
Jo.
Stopp.






