No kjem filmen med ein hovudperson som ikkje vil på film

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er langt over det vi forventa. Vi er veldig overraska over kor populær filmtraileren blei, seier Weronika Nitsch, som har regissert filmen om Bjarne.

Traileren blei lagt ut før helga og blei raskt ein farsott. Første døgn hadde traileren 20.000 visingar og onsdag føremiddag hadde den heile 80.000 visingar.

– Vi syns alle at dette er veldig gøy. Til og med Bjarne, som eigentleg ikkje ville på film, seier filmskaparen.

Utvikla eit nært vennskap

Bjarne vil ikkje på film.

Weronika Nitsch og Bjarne Magnar Sunde utvikla eit nært vennskap under filminnspelinga. Foto frå filmen.

Hovudpersonen Bjarne er busett i bygda Oldedalen i Sogn og Fjordane. Tilfelle ville at han for eit par års sidan var nabo med Nitsch. Det var då ideen til filmen oppstod.

– Ideen oppstod spontant. Eg var nabo med Bjarne, og det verka difor veldig enkelt å sette i gang eit filmprosjekt med han i hovudrolla. Men det viste seg å ikkje vere spesielt enkelt likevel, fortel Nitsch.

Bjarne var nemleg veldig lite interessert i å vere med på film. Noko som òg kjem klart fram i traileren.

– Han sa på eit tidspunkt at viss eg skulle ha med kamera kvar gong eg kom på besøk, så fekk eg heller ta å filme sauene, fortel ei lattermild Nitsch.

Parallelt med at Nitsch filma Bjarne byrja dei to å utvikle eit nært vennskap.

– Vennskapet utvikla seg parallelt med at filmen blei til. Etter kvart gløymde Bjarne at kamera var til stades, og det oppstod mange ekte og genuine augneblinkar, seier filmskapar Nitsch.

Dette er òg noko dei som har sett traileren har lagt merke til.

– Vi har fått veldig mange fine kommentarar og tilbakemeldingar på kor ekte Bjarne verkar. Det er utruleg hyggeleg, seier Nitsch og legg til:

– Bjarne er det mest sjarmerande og fine menneske eg har treft.

Sender filmen til festivalar

Bjarne vil ikkje på film.

Hovudpersonen Bjarne var skeptisk til kamera i starten, men blei etter kvart vand med det. Foto frå filmen.

Filmen er produsert over to år. I tillegg til Nitsch har Alexander Vollevik Larsen hatt ei viktig rolle i produksjonen. Han er medskapar av filmen og jobba med manuset saman med Nitsch.

– Han har skrive utruleg fin musikk til filmen, i tillegg til å klippe den, fortel filmskapar Nitsch om kollegaen.

Då innspelinga var ferdig, sat Nitsch og resten av teamet att med veldig mykje råopptak.

– Det var nok det vanskelegaste med heile prosessen. Det er utfordrande å velje ut stoff, når ein sit med enorme mengder opptak, fortel ho.

Førebels er det ikkje klart kvar nysgjerrige kinogjengarar kan få sett filmen om Bjarne.

– Vi er opne for at alle som vil vise filmen skal få lov til det. Vi sender òg filmen til ulike festivalar i inn- og utland og håpar på napp, seier Nitsch.