Taiwan vil fjerne alle atomkraftverk innan sju år

I 2014 stoppa studentar utbygginga av Taiwans fjerde atomkraftverk. No vil presidenten fjerne dei tre som er igjen. Det er ikkje like populært hjå alle.

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 25.02.2018 19:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om Taiwan har tre atomkraftverk, kvar med to reaktorar, er berre halvparten i drift. Styresmaktene trappar gradvis ned bruken av atomkraft. Innan år 2025 skal atomkraft vere heilt avskaffa. Det er ingen tilfeldig frist. 2025 er nemleg året nå reaktorane har nådd sitt siste leveår. Og i 2025 er ikkje Tsai Ing-wen lenger taiwansk president.

I fjor sommar blei to stengte reaktorar igjen vekt til live for å dekke Taipeis akutte straumbehov. Er det realistisk for president Tsai å avskaffe atomkraftverka?

Fryktar atomkrise

I 2011 ramma eit jordskjelv Japan, og skapte ei tsunamibølgje som fløymde over eit atomkraftverk i Fukushima. Det førte til ein tragedie lik Tsjernobyl-ulykka, og det blei registrert ekstreme mengder av radioaktiv stråling rundt hovudstaden Tokyo.

Taiwan ligg plassert like over området der to jordskorpeplater møter kvarandre, som gjer taiwanarer vande med hyppige jordskjelv. Kvart år treff rundt 2.000 jordskjelv den vesle øya, og av dei kan befolkninga kjenne om lag 200.

I likskap med atomkraftverket i Fukushima, ligg mange av dei taiwanske reaktorane langs kysten. Sidan Taiwan er så utsett for jordskjelv, frykter aktivistar det berre er eit tidsspørsmål før Taiwan vil sjå ei liknande ulykke som skjedde i Fukushima.

Studentar med gjennomslagskraft

Demonstrasjonar mot atomkraftverk har funne stad i fleire ti-år i Taiwan, med det var først etter Fukushima-ulykka at det gav resultat.

I 2014 stod reaktorane i det som skulle bli Taiwans fjerde atomkraftverk nærmast klare til bruk. I kjølvatnet av Solsikke-rørsla okkuperte over 100.000 studentar og demonstrantar gatene rundt Taipei togstasjon i protest mot utbygginga. Og bygningsarbeidet stoppa.

Frå demonstrasjonen mot atomkraftverk i Taipei, 2014.

Frå demonstrasjonen mot atomkraftverk i Taipei, 2014. Foto: Scott Lin/Flickr

I dag står Lungmen-kraftverket like halvferdig som det gjorde i 2014.

Vil ikkje fjerne

Tsai Ing-wen sitt forsøk på å gjere Taiwan atomkraftverk-fri har også møtt mykje motstand.

– Det er på tide at vi legg frå oss målet om å bli fri for atomkraft, slik at vi kan sikre stabil tilgang til energi og på den måten gje eit boost til investeringa i taiwansk business, sa Tsai Lien-sheng, generalsekretær i Chinese National Federation of Industries til Focus Taiwan.

Industristektoren er uroleg for at å avskaffe atomkraftverka vil både gi høgare straumprisar, og føre til svingingar i tilgang til straum.

Trass i frykta for kva konsekvensar ei kjernekraft-ulykke kan få for miljøet, er nokre miljøorganisasjonar urolege for alternativet. Blir atomkraftverka fjerna, må energien bli laga på andre måtar.

– Viss det ikkje blir laga nok fornybar energi, vil det første alternativet vere å forbrenne meir fossilt brennstoff … Det vil forårsake meir forureining her på Taiwan, meiner Gloria Kuang-Jung Hsu, professor ved Taiwan Nasjonale Universitet.

Sjå kva unge forbigåande på Taipei togstasjon meiner om atomkraftverk på Taiwan i filmen øvst i saka. 

Denne saka er ein del av prosjektet «Jordbær-republikken Taiwan», gjort i samarbeid med Universitas med støtte frå Fritt Ord. Les fleire saker frå prosjektet her