Testar ut nytt atombrensel i Halden

Om det fungerer vil det ha store konsekvensar for framtidig drift av kjernekraftverk.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Atomreaktoren i Halden har vore i drift sidan 1959. No skal det amerikanske selskapet Lightbridge teste ut ein ny type atombrenselcelle her. Selskapet meiner det vil gi mindre atomavfall, meir strøm og tryggare drift enn det vi bruker i dag. Dette skriv Aftenposten.

– Designet gjer det også mogleg å forlenge bruken av brenselceller frå 18 til 24 månader, noko som gir eit mindre volum av atomavfall, seier visepresident i Lightbrigde, Andrey Mushakov til avisa.

LES OGSÅ: Vil testa thorium i Halden-reaktoren

Metallisk uran
Det nye brenselet er laga av metallisk uran, medan det som er i bruk i dag er basert på keramisk uranoksid. Forskjellane skal vere enorme.

–  Vi valde Halden fordi dei har utstyr i verdsklasse, og fordi dei har erfaring frå å jobbe opp mot amerikanske myndigheiter og firma som produserer amerikansk atomkraft, seier Mushakov.

LES OGSÅ: Kampen om reaktoren

86 millionar kroner
Reaktoren i Halden skal teste ut det nye atombrenselet til selskapet over ei periode på 5 år, og sende funna sine til amerikanske atomsikkerheitsmyndigheiter. Det er dei som bestem om brenselet er trygt nok til kommersiell bruk. Kontrakten har ei budsjettramme på 86 millionar kroner.

–Det vanlegaste er at vi testar ut små variasjonar på det brenselet som allereie er i bruk i store delar av verda, men dette er eit heilt nytt brensel, forklarer Margaret McGrath, leiar av Haldenprosjektet.

Før dei set i gong prosjektet må dei få løyve til å teste ut brennstoffet frå Statens strålevern. Aftenposten skriv at det er vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta.