Opplever mindre psykiske plager på «Drømmeskolen»

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.02.2018 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Sunnhordland.no.

– Då me byr­ja på sku­len var det to men­to­rar som job­ba for at hei­le klas­sen skul­le bli kjende. Me job­ba også med kor­leis me kan få bet­re sjølv­til­lit, og kor­leis me skal opp­fø­ra oss mot kvar­an­dre, for­tel Do­vi­le Martinkute (16).

– Det hand­la til dø­mes om at me skul­le seia hei til alle i klas­sen, og å smi­la til kvar­an­dre, legg ho til.

Elev­ins­pek­tør: Ce­ci­lie Ber­ger har stor tru på at pro­sjek­tet bi­dreg til at sku­le­kvar­da­gen blir bet­re for elevane. Foto: MA­RI­US KNUT­SEN

16-år­in­gen går i første klas­se på Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le.

Les også: Stord vgs. skipar berekraftveker

Fors­kings­pro­sjekt

Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le er ein del av Com­ple­te sitt fors­kings­pro­sjekt, som er ut­vik­la for å bet­ra psy­ko­so­si­a­le læ­rings­mil­jø i vi­da­re­gå­an­de opp­læ­ring. Må­let er å auka gjen­nom­fø­ring og nær­vær i vidaregåan­de sku­le. Fors­kings­pro­sjek­tet går over tre sku­le­år med opp­start haus­ten 2016 og av­slut­ting vå­ren 2019.

Første del­rap­port frå pro­sjek­tet er no klar, og vi­ser at til­ta­ka som er prøvd ut kan gje ein let­ta­re over­gang frå ungdomsskule til vi­da­re­gå­an­de. Forskingsprosjektet blir leia av pro­fes­sor To­rill Larsen ved HEMIL-sen­te­ret på Uni­ver­si­te­tet i Bergen, og ho ut­ta­lar til Bergens Tidende at det er for tid­leg å seia noko om kva ef­fekt sat­sin­ga har på frå­fall i sku­len, sjølv om ein al­le­reie ser ein po­si­tiv ten­dens.

Bi­dreg: Både Ma­ri­us Quam, Alexandra Ut­slot­tøy og He­le­ne Røst­bø Treeck er elev­men­to­rar som job­bar for at sku­le­mil­j­øet skal vera bra på Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le. Til­ta­ket er ein del av pro­sjek­tet «Drømmeskolen». Foto: MA­RI­US KNUT­SEN

Første klas­se

Eva­lu­e­rin­ga, der ele­va­ne sva­rar på eit spørjeskjema, vi­ser derimot al­le­reie at ele­va­ne har hø­ga­re triv­sel og fær­re psy­kis­ke pla­ger enn før pro­sjek­tet star­ta i 2016.

– Fær­re mel­der om angst og dep­re­sjon. Det blir også rap­por­tert om mind­re ein­semd og auka livstilfredshet i sku­la­ne med til­tak, sei­er Larsen til BT.

Po­si­tiv er­fa­ring

Rek­tor Ast­rid O. Haug­land ved Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le er glad for at sku­len er med i pro­sjek­tet.

– Pro­sjek­tet har bi­dre­ge til å bet­ra sku­le­mil­j­øet vårt. Også elev­ins­pek­tør Ce­ci­lie Ber­ger stiller seg po­si­tiv.

– Opp­leg­get kan min­na litt MOT, og går ut på å ta vare på kvar­an­dre, for å unn­gå einsemd og eks­klu­de­ring. Eg har vel­dig tru på at opp­leg­get gjer at ele­va­ne får ein bet­re sku­le­kvar­dag. Har dei det ik­kje bra, er det vans­ke­leg å læra noko, sei­er Ber­ger.

Rek­tor: Ast­rid Haug­land er glad for at Stord vi­da­re­gå­an­de sku­le hang seg med på pro­sjek­tet. Foto: HEN­RIK MUN­DAL AN­DRE­AS­SEN

Elev­men­to­rar

Både Ma­ri­us Quam, Alexandra Ut­slot­tøy og He­le­ne Røst­bø Treeck er elev­men­to­rar. Dei går i andre klas­se, og har an­svar for kvar sine klas­sar med før­ste­års­ele­var. Dei har gjort uli­ke til­tak for at ele­va­ne skal ha det bra.

– Me har for ek­sem­pel steikt vaflar i storefri, og delt ut lap­par med komp­li­ment på, for­tel He­le­ne Røst­bø Treeck (17).

Les også: Henrik (16) dykkar ned i musikk på laptop

Ho måt­te sjølv søkja for å bli men­tor.

– Det er gøy å gje ein god start for dei som byr­jar på sku­len, sær­leg for dei som kjem frå andre stader og ik­kje kjen­ner no­kon i klas­sen sin frå før, sei­er 17-år­in­gen.

Ma­ri­us Quam hug­sar sjølv han var litt spent då han skul­le byr­ja på ny sku­le.

– Eg kjem frå Halsn­øy, og pend­lar til sku­len. Hel­dig­vis var me flei­re i same si­tua­sjon då eg byr­ja på sku­len. Eg sy­nest det var bra at me had­de stort fo­kus på å bli kjent med klas­sen al­le­reie frå star­ten av, slik at isen blei broten med det same.

Quam går på id­retts­lin­ja, og mei­ner det var eit bra til­tak at klas­sen reis­te på tur sam­an tid­leg i sku­le­å­ret.

– Ak­ku­rat det­te var ik­kje eit til­tak i tilknyting til Drømmeskole-pro­sjek­tet, men det var ein vel­dig fin måte å bli kjent på.