Desse orda kunne eg ønske eksisterte på nynorsk


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Då eg skulle lære nynorsk for to år sidan, var det inga enkel sak. Mange setningar må ein skrive heilt om, og det er enkelte kompliserte reglar som gjer at nynorsk-motstanden aukar blant mellom anna skuleelevar.

Difor synest eg at det burde vere rom for å auke ordforrådet innan nynorsk, eventuelt at det må vere lov med visse bokmål-ord. Eg har ikkje gode alternative ord for desse på nynorsk, det har kanskje du?

Desse orda kjenner eg at eg saknar:

  1. Gjenkjennelig/gjenkjennbar/gjenkjenne

«Kvinnen var gjenkjennelig» er enkel: «ho er lett å kjenne igjen.» Men i visse andre setningar er det ikkje like enkelt. «Hun glodde på det slitne, gjenkjennelige ansiktet» Korleis ville du ha omset dette? Gjennomsiktig er lov på nynorsk, men «gjenkjenne», «gjenkjennelig» og «gjenkjennbar» er ikkje tillate.

2. Henvendelser

Dette ordet irriterer meg mest når eg skriv. Kvifor finst det ikkje noko godt ord på nynorsk? Eg skulle ein gong skrive «Jeg fikk 800 henvendelser den dagen.» Henvendelsene var jo ulike, dei kom fysisk, over telefon, over melding og elles. Men eg måtte i staden skrive: «Eg fekk 800 meldingar og telefonar den dagen.» Det var jo korrekt, men poenget er at eg ikkje fekk eit ord som romma alle typar henvendelser.

3. Beherske

Når du skriv ein søknad, til dømes, skriv du gjerne kva du kan og kva du er god på. Då er det fint å kunne variere språket litt, innimellom «eg har erfaring med», «eg har lært» og «eg har opparbeida meg kunnskap om…» Men ordet beherske finst ikkje på nynorsk.

Det er mykje nytt å lære når ein skal gå over til nynorsk. Foto: Wikimedia Commons

4. Hvorvidt

Dette er også eit av dei orda eg blir irritert av å mangle i ordforrådet. I ei setning skapar det god flyt å kunne skrive «Han skulle finne ut hvorvidt han kunne reise den dagen.» På nynorsk kjennest det repeterande å skulle skrive «Han skulle finne ut om han kunne dra den dagen», fordi det liknar på alle andre slike setningar. Hvorvidt skapar ei god, språklig variasjon. Men førebels berre på bokmål.

5. Såvidt

Eg ana ikkje at dette ordet var ulovleg på nynorsk før nyleg, og sånn sett har ikkje mangelen på ordet vore ei krise. Men eg lurer likevel på om det finst ei eller anna erstatning for det, sidan ordet kan vere nyttig i ein del samanhengar. For eksempel: «Han har såvidt fått noko å ete» eller «ho kan såvidt halde seg oppreist.» På nynorsk ville eg ha skrive: «Han har nesten ikkje fått noko å ete» og «ho kan nesten ikkje halde seg oppreist», men det gjer setninga fattigare, spør du meg, fordi ordet «nesten» nyttast i så mange andre samanhengar.

6. Man

Allereie på ungdomsskulen lærte eg at «man» ikkje var lov på nynorsk. Det skulle vere «ein.» Problemet er berre at det skapar dårlegare setningar, fordi “ein” også blir nytta om andre ting. For eksempel: “Ein har ikkje noko ein skulle ha sagt, sjølv om det er ein gruppesamtale». Her hadde det rett og slett vore betre med «Man har ikke noe man skal ha sagt, selv om det er en gruppesamtale.» I staden må du løyse det med å endre på andre del av setninga, for eksempel: “Ein har ikkje noko ein skulle ha sagt, trass i at vi snakkar om det som gruppe.»

7. Umiddelbar

Kvifor finst ikkje dette ordet på nynorsk!? Det er ikkje like elegant å seie automatisk, og det passar ikkje over alt. Det går an å seie straks, men det funkar ikkje alltid, det heller. For eksempel: “Med umiddelbar virkning» eller «Hun ble umiddelbart uvel» eller “Jeg kan starte umiddelbart.” På eit formelt språk passar det ikkje å seie «Du kan begynne med ein gong», for det høyrest veldig strengt ut. Nei, få “umiddelbart” inn i ordforrådet umiddelbart!

8.  Hemmelighetsfull

Hemmelighetsfull funkar ikkje på nynorsk. Du kan seie løyndomsfull, men har du noko gong høyrt folk gjere det…? Korleis blir eigentleg resultatet om ein skal skrive «hun er en hemmelighetsfull person»? Jo, det blir: «Ho er ein person som held på løyndomar.» Ei heilt anna setning, og litt meir tungvint, spør du meg.

9. Spiseforstyrrelse

Eg skulle skrive om eteforstyrringar ein gong, og merka at akkurat dette ordet hang over meg som ei mørk sky. Ein kollega tipsa meg om å skrive spiseforstyrring, men eg veit ikkje om korkje eteforstyrring eller spiseforstyrring er lov (ingen av dei er det, ifølge ordboka).

10. Beslutning/beslutningstaker

Sorry, men avgjerd og avgjerdstakar passar ikkje inn over alt. Du kan gjerne skrive “ei god avgjerd”, men passar verkeleg “avgjerdstakande folkevalde” og “avgjerdsmynde”? Det høyrest ut som ei krampetrekning. Eg tar gjerne imot tips på korleis skrive beslutningstakende organer, eller besluttende forsamling.
LES OGSÅ: Du blir betre i bokmål av å skriva nynorsk

LES OGSÅ: «Bokmålsbrukarar, lat meg fortelje kor priviligerte de faktisk er»