Å skrive nynorsk hevar språkkompetansen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Betre på bokmål enn bokmålsfolk

Undersøkinga er gjort på oppdrag av Språkrådet og vart presentert på Språkdagen 2012 i Oslo tysdag. Professor Mila Vulchanova ved NTNU tok utgangspunktet i kva forsking fortel om tospråklege individ.

– Dei er smartare, meir kreative, meir språkleg medvitne, er betre til å oppfatte det som blir sagt og presterer betre på skulen, sa Vulchanova. Ho slo fast at dei fleste nordmenn er tospråklege per definisjon, dei taklar til ein viss grad nynorsk og bokmål skriftleg, og dei skjønar både dialekt og normert målform muntleg.

Skriving viktig
Forskargruppa ved NTNU har gjennomført eit såkalla ordprosesseringsprosjekt med ei gruppe på 50 personar. Dei var i snitt 29 år, hadde ulik språkleg bakgrunn og kom frå ulike landsdelar.

Deltakarane fekk i oppdrag i identifisere 540 ord, både på nynorsk og bokmål, både ekte og oppdikta ord. Ikkje uventa kjende deltakarane lettast att bokmålsorda, det er naturleg sidan dei fleste blir meir eksponert for bokmål enn for nynorsk. Men det mest oppsiktsvekkjande var forskjellen mellom dei som skriv mykje nynorsk og dei som ikkje gjer det.

– Jo oftare deltakarane brukte nynorsk skriftleg, desto raskara kjenner dei att ord frå begge målformene. I tillegg er svara deira meir korrekt, sa professor Vulchanova.

Undersøkinga viser at lesing av nynorsk ikkje hadde same effekt, og resultata vart ikkje påverka av kva dialektbakgrunn deltakarane hadde.

LES OGSÅ: – Alle i Noreg bør kunne lære seg samisk

Kan brukast i skulen
Vulchanova presenterte også førebelse resultat av ei såkalla høyre/lese eksperiment. Det viser seg at ord frå begge målformer er sterkt assosiert i hjernen, spesielt gjeld dette ord som har same betydning – som begynne og byrje.

– Dette viser at det ikkje er nødvendig å pugge nynorsk. Nynorske ord høyrer til det same mentale leksikonet som bokmål, sa Vulchanova og meinte undervisninga heller burde ta utgangspunkt i dei systematiske grammatikalske forskjellane mellom dei to målformene.

Ho meiner også at det at dei fleste nordmenn er fleirspråklege bør utnyttast på eit betre måte i utdanninga. Men først og fremst må ein auke motivasjonen og bevisstgjeringa.

LES OGSÅ: Vil byrja tidlegare med sidemål

Sidemålskampen
Undersøkinga frå NTNU går rett inn i diskusjonen om framlegget til ny læreplan i norskfaget, der Utdanningsdirektoratet har gått inn for å fjerne skriftleg karakter og eksamen i sidemål.
– Dette understrekar kor viktig det er at skulen inspirerer elevane til å skrive på begge målformene våre. Lesing er ikkje nok, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet.

QUIZ: Skjønar du bokmål?