NU: – DNB må trekkja seg heilt ut av Dakota Access Pipeline

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NU: – DNB må trekkja seg heilt ut

– Ein oljerøyrleidning som er planlagt gjennom eit urfolksområde er ikkje berekraftig eller noko ein skal godta, seier Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær i ei pressemelding.

Torsdag vart det klart at DNB sel seg ut av selskapa som står bak det omstridde prosjektet Dakota Access Pipeline i Nord-Dakota. Avgjerda kjem etter at banken har fått massiv kritikk for å støtta den kontroversielle røyrleidninga, som er planlagt gjennom eit urfolksområde med heilage gravplassar for Standing Rock Sioux Tribe.  

– Kundane til DNB har pressa på, og det er flott at dei har seld eigardelane. Framleis finansierer DNB tre store lån i prosjektet. Desse låna må også seljast, seier Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær i ei pressemelding. 

Ifølgje Aftenposten var DNB-fonda sine  eigardelar verd rundt 3 millionar dollar (26 millionar kroner). Gjennom tre ulike prosjekt har DNB i tillegg lånt prosjektet rundt 2,8 milliardar kroner. Dette engasjementet har DNB til vurdering, melder avisa.

Skjoldvær er tilstade under det pågåande klimatoppmøtet i Marrakech. Torsdag markerte representantar for sivilsamfunnet er tilstades under møtet si støtte.

– Folk over heile verda står saman med Standing Rock Sioux Tribe. Samiske politikarar og artistar har vist enorm støtte til kampen i USA, og vi står saman mot røyrleidninga. Vi kjem til å halde fram presset for at norske pengar ikkje skal bidra til å byggje denne røyrleidninga, understrekar Skjoldvær.