Politistudentane er mest nøgde med studiane sine

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentbarometeret: Her er studentane mest nøgde

Studentane på politiutdanning er dei mest tilfredse med kvaliteten på studieprogrammet, med ein snittscore 4,7. Det viser ferske tal frå Studentbarometeret.

På den andre sida er studentane ved 5-årige grunnskuleutdanningar dei minst nøgde – her ligg snittscoren på 3,6. På studieprogramnivå er variasjonen større, sjølv om dei fleste programma ligg nær det nasjonale gjennomsnittet på 4,1.

Mange nøgde med praksis og relevans for arbeidslivet

Arbeidslivsrelevans er eit av områda studentane er mest nøgde med.

84 prosent meiner studieprogrammet deira er yrkesrelevant eller at det i stor grad er yrkesrelevant.

Studentane på sjukepleie-, farmasi-, barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane mest nøgde. Utdanningstypane der studentane opplever at studia er minst relevante for arbeidslivet er sosiologi, antropologi, samfunnsøkonomi og historisk-filosofiske fag.

Så nøgde er studentane på universiteta i Noreg.

Nøgde med praksis

Studentane er jamt over nøgde med praksis, men peikar på kommunikasjonen mellom praksisstad og høgskule/universitet som eit klårt forbetringpunkt.

Studentane er heller ikkje veldig nøgde med korleis høgskulen eller universitetet førebudde studentane på praksisopplæringa.

Blant dei utdanningstypane som har praksis er studentane på politi-, primærnærings-, farmasi- og kunstutdanningane mest nøgde. På den andre sida av skalaen ser me at studentane på økonomisk-administrative fag, pedagogikk og tekniske fag er minst nøgde med praksisopplegget.

Så nøgde er studentane på kvar utdanningstype: