Bør vi la torv liggje?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uttak og bruk av torv har i meir enn tusen år påverka myrene i Noreg. Tidlegare vart torva blant anna brukt som brensel, men i nyare tid blir ho mest brukt som dyrkingsmedium og jordforbetringsmiddel av blant andre gartnarnæringa og private forbrukarar.

Torv

Torv. Foto: James St. John/Flickr/CC BY 2.0.

Klima- og miljødepartementet har bedt Miljødirektoratet vurdere konsekvensane av å fase ut torv.

– Det beste for naturmangfald og klima er å fase ut uttak og bruk av torv raskt, men vi ser at profesjonelle dyrkarar treng litt tid på å omstille seg og at det må utviklast berekraftige erstatningsprodukt. Ein god start vil vere å ikkje opne for uttak av torv på nye areal, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I perioden 1990–2015 var det gjennomsnittlege årlege uttaket av torv rundt 220.000 m³. Dei siste fem åra er det tatt ut rundt 330.000 m³ årleg. Torvuttak sysselset rundt 60 personar her i landet og står for ei omsetning på rundt 180 millionar kroner årleg.

Trua naturtype

Dagens uttak av torv går mest føre seg på nedbørsmyr med djup torv – såkalla høgmyrer. Dette er ein trua naturtype både i Noreg og i Europa.

Når ein tek ut torv på ei myr forsvinn alt dyre – og planteliv på den opphavlege myra, og alle andre viktige økosystemtenester, for eksempel flaumkontroll.

Myr generelt, og høgmyr spesielt, utgjer også store karbonlager, rundt tre gonger så mykje som skog og jordbruksareal. Uttak av torv vert rekna for å vere den typen arealinngrep som fører til størst CO2-utslepp per arealeining.

– For at konsekvensane av å erstatte torv med andre produkt totalt skal bli positiv må ein også ta omsyn til miljøkonsekvensane av erstatningsmaterialane, seier Ellen Hambro.

Torvmyr. Foto: Larry Koester/Flickr/CC BY 2.0.