Fleirtal for lovfesta rett til studentombod

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det at vi no gjev alle studentar tilgang på eit studentombod kan senka terskelen for fleire til å melda frå om kritikkverdige forhold som seksuell trakassering eller urettferdig behandling utan å vera bekymra for eventuelle negative konsekvensar, seier Turid Kristensen, utdanningspolitisk talsperson for Høgre, i ei pressemelding.

Leiar av Stortingets utdannings- og forskingskomité Roy Steffensen (Frp) meiner også at det er eit stort behov for studentombod.

– Miljøet ved norske universitet og høgskular i dag er i all hovudsak godt, samtidig kan vi ikkje leggja skjul på at det finst eit behov for ein uavhengig aktør studentane kan søkja råd hos er til stades, seier han.

– Det viktigaste er at vi gjev alle studentar lik tilgang på eit uavhengig ombod, seier Tina Shagufta Munir Kornmo (V), medlem av utdannings- og forskingskomiteen.

I dag finst det berre ti studentombod, og alle er ved store statlege universitet og høgskular.

I juni i fjor blei forslaget stemt ned av eit splitta Storting, men blei fremja på nytt av Arbeidarpartiet i haust.

No kan Norsk studentorganisasjon (NSO) gle seg over at regjeringspartia Høgre, Framstegspartiet og Venstre på Stortinget støttar forslaget om å lovfesta retten til studentombod til alle studentar i Noreg.

– Vi er utruleg glade og stolte for at studentar i Noreg no får mykje betre rettstryggleik. Dette har vi arbeidd knallhardt for, seier Mats Beldo, leiar i NSO.