NSO: – Regjeringa har lytta til studentane

– Mange gode signal frå Jeløy Radio, seier Mats Beldo, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO). Slik kan den nye regjeringsplattformen påverka din studiekvardag!

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye regjeringa av Høgre, Frp og Venstre lovar å halda fram opptrappinga til 11 månaders studiestøtte, fleire studentbustader og framleis satsing på kvalitet i høgare utdanning. Det går fram av regjeringsplattformen dei tre partia presenterte på Jeløy Radio Hotell utanfor Moss i dag.

– Me er glade for at Høgre, Frp og Venstre har lytta til mange av studentane sine ønske, og håpar på ei framleis offensiv satsing på kunnskap, seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Mats Beldo, i ei pressemelding søndag ettermiddag.

Her er nokre av dei andre punkta regjeringa lovar å arbeida for dei neste åra innan høgare utdanning:
  • Alle som underviser på universitet og høgskular skal ha relevant kompetanse, og god
    undervisning må gi merittering for dei som underviser.
  • Auka talet på studieplassar i tråd med arbeidslivet sitt behov og studentane sine ønske.
  • Leggja til rette for at studentane i større grad kan få relevant arbeidspraksis under studia.
  • Styrka arbeidet med oppfølging av studentane si psykiske helse.
  • Innføra ei prøveordning med kombinerte omsorgs- og studentbustader.
  • Gjennomføra eit kvalitetsløft i fagskulene og likestilla fagskulestudentar med andre
    studentar.
  • Betra overgangsordningane mellom fagskule og høgskule/universitet.