NHO: Fagbrev meir etterspurt enn mastergrad

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mest etterspurt blant NHOs bedrifter er tilsette med fagbrev, særleg innanfor elektro-, bygg- eller industrifag. Vi ser også at humanistiske fag som historie er relativt lite etterspurt. Studentar med humanistiske fag brukar dessutan meir tid på å komme i relevant jobb, seier avdelingsdirektør for kompetanse og innovasjon i NHO Rune Foshaug til Aftenposten.

Tala kjem frå Næringslivets Hovedorganisasjons (NHO) kompetansebarometer for 2017.

Forskar Liv Anne Støren ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) meiner arbeidslivet har like mykje behov for høgt utdanna som folk med fagbrev, men:

– Også våre kandidatundersøkingar viser at ein del misterar i kategorien «historisk-filosofiske utdanningar» har ein vanskeleg situasjon som nyutdanna, og vanskelegare enn dei fleste andre, seier ho.

(©NPK)