Blir du lurt av snikreklame på sosiale medium?
Forbrukarrådet ber helseministeren om å reagere.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ei undersøking frå Forbrukarrådet viser at unge har vanskeleg for å avsløre det når dei blir utsette for reklame på sosiale medium som Facebook, Instagram og YouTube.
– Vi ser at ungdommane våre blir utsette for mykje reklame for brus, hamburgarar og snacks på sosiale medium. Den reklamen er vanskeleg å gjennomskode og klarer å fange merksemda med humor, konkurransar og populære fjes. No er det òg avslørt at Facebook kan analysere psyken til ungdommane for å treffe dei på sitt mest sårbare, og da er dette verkeleg skummelt, seier direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet.
Som eit typisk døme trekkjer ho fram Tine, som oppmoda barn og ungdom til å filme at dei triksa med ei iste-flaske.
– Dette oppfattar ikkje dei unge som reklame, fordi det er morosamt, engasjerande og underhaldande. Det går under radaren, fordi dei engasjerer seg ved å kjøpe produktet og lage ein film dei gjerne deler, seier Flesland.
Måndag 29. mai skal helseminister Bent Høie (H) møte representantar for matbransjen og snakke om nettopp denne tematikken. Da skal dei mellom anna svare for korleis dei skal vise varsemd når det gjeld marknadsføring mot unge over tolv år.
– Matbransjen har sagt at dei vil skåne barn til og med tolv år mot reklame for usunn mat og drikke. Vi meiner at vi må gi det same vernet til ungdom opp til 16 år. Dessutan bør vi følgje eksempelet til britane og fjerne dette presset frå sosiale medium, seier Flesland, som har bedt om eit møte med Høie for å understreke kor viktig det er å stramme inn på dette området.