Overgangen til vaksenavdeling var kaotisk

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Overgangen gjorde at eg vart dårlegare, rett og slett. Alt vart veldig usikkert, og eg visste ikkje kor eg skulle ta kontakt for kvart enkelt problem. Det gjorde at eg unngjekk å ta kontakt, noko som forverra sjukdommen, seier Josefine Skåland (21).

Skåland er leiar i ungdomsrådet i Ahus, der ho har vore medlem sidan 2015. Til liks med mange andre, har ho erfaring med at overgangen frå å vere barn til å bli vaksen i helsevesenet kan vere ei kaotisk oppleving.

Samansett sjukdomsbilde gir ein tøff overgang

Ho har ein kronisk mage- og tarmsjukdom som gjer at ho må få næring intravenøst rett i blodet, og gjennom ein sondeknapp i magen. Samstundes har ho òg eit smerte- og nerveproblem i ryggen grunna ein ryggoperasjon. Som ein konsekvens av smertene slit ho òg med utmatting.

Pasientar med samansette helseproblem er ofte dei som får den tøffaste overgangen frå barn til vaksen. Dei må plutseleg forhalde seg til fleire avdelingar som ikkje alltid snakkar saman. Josefine Skåland måtte både forhalde seg til gastroavdelinga med ernæringsproblema, og smerte- og nevroavdelinga med ryggproblema.

Helseføretaka er pålagte å betre overgangen

No har Helse- og omsorgsdepartementet pålagt alle helseføretak å utarbeide betre rutinar for overgangen frå barneavdeling til vaksenavdeling. Her skal ungdomsråda tilknytta helseføretaka vere ein del av teamet som utarbeidar planen.

På Ahus er dei allereie i gang med å betre overgangen frå ung til vaksen. Ungdomsrådet tilknytta sjukehuset vart oppretta i 2012, då eitt av satsingsområda til Ahus var ungdomsmedisin. Der kom dei fram til at eitt av problema var nettopp overgangen frå barn til vaksen. Ahus har fram til no oppretta program som skal sikre overgangen til blant anna pasientar med diabetes, hjartesjukdommar og mage- og tarmsjukdom. Dette programmet skal no innførast i alle faggrupper.

– Vi har erfart at nokre pasientar med desse sjukdommane har fått ein veldig bra overgang. Andre, med meir samansette sjukdommar, har ikkje fått det, seier Skåland i ungdomsrådet.

Trygt og oversiktleg på barneavdeling

Josefine Skåland. Foto: Silje Måseide

Josefine Skåland. Foto: Silje Måseide

Då ho sjølv var på barneavdeling, opplevde ho at alle helseproblema hennar vart tatt vare på ei avdeling av eitt tverrfagleg team som samarbeida.

– Eg opplevde det som veldig trygt og oversiktleg. Eg hadde ein plass å ta kontakt, og det var eit godt samarbeid.

Då ho skulle over til vaksenavdeling, så vart overgangen stadig utsett. Personalet hadde ikkje planen klar for korleis dei skulle gjere det, og møta mellom legane som skulle planlegge overgangen, vart utsette mange gongar. Som 18-åring gjekk ho difor framleis til faste timar hos legane på barneavdelinga.

Men om ho fekk akutte problem var det vaksenavdelinga ho vart innlagt på. Der var det ingen av legane som kjente henne eller historikken hennar.

Mange spørsmål utan svar

Først då ho vart 20, vart ho heilt overført til vaksenavdelinga. Då var det mange spørsmål som dukka opp, og ho visste ikkje kven som kunne svare på kva.

– Kva gjer eg dersom det tettar seg i sondemat-knappen? Kven kontaktar eg når eg har infeksjon?

Ho fekk blant anna ein infeksjon. At ho ikkje visste kor ho skulle ta kontakt, gjorde at ho oftare unngjekk å ta kontakt, noko som gjorde henne dårlegare.

– Eg vart stressa og opplevde det som kaos, seier ho.

Å orientere seg tok mykje av tida, og ho måtte ver sin eigen «sektretær».

Fekk ein lege som såg heile henne

No har ho vore på vaksenavdeliga i halvtanna år. Etter åtte månader vart det betre. Ho fekk ein lege på gastroavdelinga som ho vart veldig trygg på.

– Legen tenkte heilheitleg. Han såg heile meg, og korleis sjukdommen påverka kvardagen min, seier Skåland.

Ho forklarer at den nye legen var opptatt av meir enn det kliniske. Samstundes opplevde ho òg at fastlegen hennar gjorde ein innsats for å setje seg inn i heile sjukdomsbildet hennar, leste seg opp og engasjerte seg. På vaksenavdelinga blir det ofte fastlegen som fungerer som eit slags bindeledd mellom dei forskjellige avdelingane, då avdelingane ikkje alltid har nokon kommunikasjon seg imellom.

– Dei snakkar ikkje mykje saman, det skulle det gjerne vore meir av, seier Skåland.

No skal dei jobbe vidare for at overgangen skal bli betre for alle type sjukdommar.

– Vi jobbar for at unge skal få omvisning på dei nye avdelingane, at dei skal få god informasjon i god tid, at det er kontaktpersonar på både barne- og vaksenavdelinga som sikrar overgangen, og at det blir gjort eit nøye arbeid med rutiner, seier ho.

Ungdomsrådet i Ahus

Består av ei gruppe med 10 ungdommar og unge vaksne som alle har erfaring som pasient i helsevesenet. Medlemma har til saman erfaring både med somatisk og psykisk helse, og habilitering (jamnleg oppfølging av t.d. funksjonshemmingar).

Medlemma i ungdomsrådet bruker si erfaring til å rettleie leiinga på sjukehuset. Dei held føredrag for legar og helsepersonell, og samarbeidar blant anna med leiinga på barne- og ungdomsavdelinga med å lage rom som er tilpassa ungdom.

Dei jobbar òg med å betre overgangen frå barn til vaksen i helsevesenet.