Skal betre overgangen frå ung til vaksen pasient

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er veldig glade for at helseministeren no lyttar til brukarane og fagmiljøa, seier generalsekretær i Unge funksjonshemma, Synne Lerhol.

No har nemleg Helse- og Omsorgsdepartementet pålagt helseføretaka å utarbeide betre rutiner for overgangen frå å vere barn til å bli vaksen pasient.

Får mindre oppfølging som vaksen pasient

I helsevesenet er det i hovudsak barneavdelingar og vaksenavdelingar. Mange av dei unge opplever ein brå overgang frå å vere born til å bli definerte som vaksne. På ei barneavdeling får ein tettare oppfølging, meir hjelp med medisinar, det er utvida besøkstid. Når ein kjem inn i vaksentenesta, får ein mykje meir ansvar sjølv, og mindre oppfølging.

– Det er viktig at ein ikkje plutseleg får det ansvaret, men at det er ein gradvis overgang, til dømes med eit team som følger deg i overgangen. Overgangen er tøff. Brått skal ein stå på eigne bein, og ta ansvar for eiga helse. Til no har ungdommene stått ganske aleine i den overgangen, seier Lerhol.

Lerhol seier at dersom ein er uheldig og får ein dårleg overgang til vaksentilbodet, kan det gjere at pasienten mistar oversikta og ikkje mestrar helsekvardagen sin. Det kan gjere sjukdommen verre, påverke korleis ein mestrar jobb og skole, og det igjen kan påverke den psykiske helsa.

– Vi ønsker at legane på vaksenavdelinga og på barneavdelinga i ein overgangsperiode samarbeidar sånn at både legane og dei nye pasientane blir kjente, seier Lerhol.

Ungdommane skal vere med og forme tilbodet

I det nye pålegget om å gjere overgangen lettare, står det òg at ungdomsråda tilknytta helsetenestene skal vere med og utforme opplegget. Sidan 2015 har helseføretaka vore lovpålagte å ha eit ungdomsråd. Det er ei gruppe ungdom tilknytta sjukehuset som skal vere med og bestemme og gi råd, sånn at deira erfaringar og meiningar skal vere ein del av beslutningane.

– Det er utruleg viktig at ungdommane blir tekne med i prosessen. Ungdommane veit sjølve best kva som er viktigast, seier generalsekretæren i Unge funksjonshemmede.

Når dei nye rutinene skal utformast, så skal det gjerast med utgangspunkt i både ungdommane og helsepersonella sine råd og erfaringar, og på forskning og fagkunnskap.

– Eg oppfordrar både ungdomsråd og helseføretak til å kontakte Unge funksjonshemma og fagmiljøa som har kunnskap om ungdomshelse og overgangar. For å lage gode rutiner, er det avgjerande at dei blir baserte på kompetanse, seier Lerhol.

I 2016 lanserte regjeringa Noreg sin første ungdomsstrategi, som blant anna tok for seg utvikling av ungdomshelsetenesta. Den strategien kan du lese her.

Unge funksjonshemma

Unge funksjonshemma er ein paraplyorganisasjon som representerer 35 medlemsorganisasjonar. Målgruppa er unge i alderen 13-36 med funksjonshemjing eller kronisk sjukdom. Mange har jamnleg kontakt med helsevesenet, nokre med spesialistar og andre med allmennlegar.