– Å lytte til ungdom vil gi betre helsetenester

Både Barneombodet og Unge funksjonshemmede oppmodar helseføretaka til å lytte til dei unge pasientane. Regjeringa foreslår krav om ungdomsråd.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha ungdomsråd på sjukehusa

– Det er dei unge som veit kor skoen trykker og veit kva dei treng. Difor må vi lytte til dei,

Skal ungdomen ta ansvar for eiga helse, trengs gode strukturar som gjer det mogleg for dei å medverke i eige behandlingstilbod, sa Barneombod Anne Lindboe ifølgje ei pressemelding frå Unge funksjonshemmede.

LES OGSÅ: No lyttar helseministeren til ungdommen

Oppslagsverk for ungdomsråd
Barneombodet var blant dei som onsdag stilte til frukostmøte om brukarmedverking i helseføretak hjå Unge funksjonshemmede.

I Nasjonal helse- og sykehusplan, som vart lagt fram førre fredag, blir det stilt krav om at alle helseføretak opprettar ungdomsråd.

Slike ungdomsråd er vorte vanlege over heile landet. Nokre er i startfasen, medan andre har gjort seg opp erfaringar over lengre tid.

Onsdag lanserte difor Unge funksjonshemmede i samarbeid med Akershus Universitetssykehus sine retningslinjer for korleis etablere og drifte ungdomsråd i helseføretak.

– Vi håpar retningslinjene vi lanserer i dag kan fungere som ei rettesnor og eit oppslagsverk når helseføretaka startar opp ungdomsråd, sa prosjektleiar i Unge funksjonshemmede, Jan Thomas Hagen.

Kommunikasjon og tryggleik
Guro Elshaug Schjønneberg som er leiar i ungdomsrådet ved Ahus har ei klar oppmoding til dei som skal gå i gang med ungdomsråd.

– Ta dykk tid til å gjere ungdomane godt kjende med kvarandre. Bygg opp tillit og sørg for at ungdomsrådet vert ein trygg arena der ungdomane tør å dele meiningane sine, seier ho.

Forankring i leiinga og god kommunikasjon vert trekt fram av Kjersti Wilhelmsen ved Ahus som særleg viktig for å sikre at ungdomane får vere med på å påverke behandlinga si og sjukehusopphaldet.

Sjå Ahus sin informasjonsvideo med Guro Elshaug Schjønneberg og Kjersti Wilhelmsen:

Faktaboks

6 prinsipp for god brukarmedverknad for ungdomsråd i helseføretak

Reell brukarmedverknad

Representasjon

Sjølvstyring og sjølvbestemming

Opplæring

Tilretteleggjing

Koordinator

Kjelde: Ungdomsråd i helseforetak : Hvorfor og hvordan?