Sjå oss – hjelp oss å gjera oss synlege på den rette måten!

Mari Hansen

Mari Hansen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ofte skriv media saker om Kari Nordmann, som lever med hjerneskade, lenka til rullestolen resten av livet. Eg har den rullestolen og den hjerneskaden, men det eg vil verta omtala som, er Mari – journalisten og kommunikatøren, eller Mari – mor til to søte jenter.

I Dagsavisen tidlegare i sommar skreiv, Oskar Eikeseth eit innlegg med overskrifta «Unnlatelsessynden i Skam». Som to-bornsmor i rullestol fanga i tidsklemma, har eg ikkje fått sett denne sesongen av Skam. Eg såg sjølvsagt den fyrste og vart trollbonden som alle andre. Men innlegget til Oskar trefte meg og på ein like god måte. Kvifor er det så få med nedsett funksjonsevne i seriar på TV? Skaparen av Skam, Julie Andem kan ikkje bera skulda for dette åleine, og eg er samd med Oskar at fråveret av personar med nedsett funksjonsevne i norske og utanlandske seriar, fortel kanskje noko det og. Unge med nedsett funksjonsevne treng òg rollemodellar. Unge med nedsett funksjonsevne har og trong for å vera ein del av det norske fellesskapet.

Unge med nedsett funksjonsevne har og trong for å vera ein del av det norske fellesskapet.

Då eg var 14, var livet fullt av små intriger, eg tenkte på gutar, utsjånad og vener. Tidleg var stolen eit hinder for å koma inn i gjengen på skulen.

Funksjonsfriske har trong for å sjå alle på TV, og oss. Det er viktig at folk flest forstår at ein person som går dårleg eller sit i rullestol er så mykje meir enn den stolen eller den krykka ein må ha for kunne bevege seg. Me har kjensler, draumar og tankar som liknar dine. Eg har homofile vener og bifile vener i stol. Det at mannen min, som er funksjonsfrisk, valde meg har av og til bydd på overraskingar både i positiv og negativ retning. Me har ofte kjent på å ikkje passe inn i samfunnet vårt.

LES OGSÅ: Alle kan bli forelska

For ikkje lenge sidan fekk ein gjeng med plakatar mot homofili demonstrere i Kristiansand. Den nordiske motstandsbevegelsen vil innskrenke mange menneskjerettar. Etter den demonstrasjonen vart denne kronikken enno viktigare å skrive for meg. Med tanke på det opne samfunnet eg ynskjer at me skal halde fram å ha i Noreg.

Eg veit om ei jente som vart spytta på, på trikken i september i fjor.

Eg veit om ei jente som vart spytta på, på trikken i september i fjor. Tamarin har Cerebral Parese. Skaden kan føre med seg spasmar og ufrivillige bevegelsar. Ho har ein kropp ho ikkje heilt kan kontrollere. Tamarin fekk oppleve det ein ikkje skal oppleve. Men om media kunne inkludere oss litt meir, så ville og folk rundt oss fått vite at me er akkurat som alle andre. Me har kjensler.

Andem var flink fordi ho torde ta opp tema som ikkje andre tar så ofte opp. Ho viste med Skam at folk er folk uansett. Om du likar gutar eller jenter eller har ein annan religion. Me er like på innsida.

Eg er mor til ei på 7 år og ei på 4 år. Dei er aktive brukarar av både «Padda», som me kallar den, og TV-skjermen. Det er ingen rullestolar verken i Peppa Gris eller noko på Disney eller Nickelodeon. Av og til dukkar det opp nokre heltar i rullestol på NRK-Super, og då jublar mor. Mine døtrer har behov for å sjå at det er andre som mamma. Media er best på å gje oss fine, slanke, sminka rollemodellar. Etter mi meining er dei for dårlege på å visa born og ungdom i rullestol med heilt vanlege dilemma frå tenåringslivet, eller dei med mødrer i rullestol.

LES OGSÅ: «Eg kan juksa på eksamen sjølv om eg sit i rullestol»