Ni ting robotar ikkje kan gjere
Oxford-forskarar laga rapport som gjorde det klart at det er ni ting du bør fokusere på å lære deg om du vil unngå at robotar skal ta over jobben din i framtida.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei britiske forskarane Carl Benedikt Frey og Michael A. Osborne laga rapporten The Future of Employment: How susceptible are jobs to computerisation?, og konkluderte med at det var ni hovudelement robotar sannsynlegvis aldri vil gjere like bra som menneske:
- Fingerfinesse: Evna til å laga nøyaktige og koordinerte rørsler med fingrane på ei hand eller begge hender for å forstå, manipulera eller samla opp svært små gjenstandar.
- Manuell fingerferdigheit: Å flytta handa raskt, leggje handa di saman med armen eller dei to hendene dine for å forstå, manipulera eller samla saman gjenstandar.
- Trongt arbeidsrom, vanskelege posisjonar: Kor ofte krev denne jobben at du jobbar i tronge rom som krev at du kjem deg inn i vanskelege posisjonar?
- Originalitet: Evna til å koma opp med uvanlege eller klåre idéar om eit emne eller ein situasjon, eller å utvikla kreative måtar å løysa eit problem på.
- Kunst: Kunnskap om teori og teknikkar som ein treng for å komponera, produsera og utføra musikk, dans, visuell kunst, drama og skulptur.
- Sosial observasjonskunst: Å vera klår over reaksjonane til andre og å forstå kvifor dei reagerer slik dei gjer.
- Forhandling: Å bringa andre saman og freista å sameina skilnader.
- Overtaling: Overtala andre til å endra tankane sine eller åtferda si.
- Hjelpa, og ha omsut for, andre: Gje personleg hjelp, medisinsk hjelp, emosjonell støtte eller annan personleg pleie til andre som kollegaar, kundar eller pasientar.