Fire av ti trur maskiner kan overta jobben deira

I ei ny undersøking seier fire av ti arbeidstakarar at robotar kan overta jobben deira. Frykta er velgrunna, meiner arbeidsforskingsdirektør.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman seier 39 prosent at dei trur robotar kan overta heile eller delar av jobben deira, skriv Avisenes Nyhetsbyrå. 57 prosent ser ikkje for seg at dei kan erstattast av ei maskin, mot 68 prosent for eit år sidan.

Mange har ei velgrunna frykt for at jobbane deira forsvinn i framtida, meiner direktør Arild Henrik Steen ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI).

Arbeidslivsbarometeret er utarbeidd av instituttet ved Høgskolen i Oslo og Akershus på oppdrag frå Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund. I alt 3.000 personar har vore med i undersøkinga.

LES OGSÅ: Bill Gates: – Skattlegg robotane!

AFI-direktøren seier at fleire grupper enn tidlegare blir ramma av automatisering.

– Nokre ser dette som ei positiv forandring, andre ser på det som ein trussel, mens andre ikkje legg noko spesielt i det. Enkelte tenkjer nok at vi kan bli kvitt nokre av dei kjedelege jobbane og heller konsentrere oss meir om dei meir interessante aspekta ved arbeidet, seier Steen.

I undersøkinga seier 32 prosent at dei trur delar av jobben kan utførast av robotar, 5 prosent trur robotane kan gjere halve arbeidet, mens 2 prosent trur at robotane kan utføre mesteparten. (©NPK)

Robotane kjem: Her er dei sikraste jobbane