Vinje rasar mot «Østfold-L» på barne-TV
– Dette er Østfolds grusame hemn, svarar fylkeskommunen lattermildt på Twitter.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag melde Minerva at Finn-Erik Vinje «rasar» mot bruken av såkalla «Østfold-L» på NRK Super.
– Ettersom NRK ikkje lenger vil vita av omgrepet korrekt språk (standardspråk), men let alle fuglar syngja med sitt nebb, er det logisk at også «Østfold-L» blir fullt anerkjent, liksom «sj-lyd» i ord som kjære og kjøpe, seier den pensjonerte professoren og språkrøktaren til nettavisa.
NRK: – Naturleg utvikling
L-lyden som på fagspråket heiter «apikal L» har ingen plass i det normale lydsystemet i norsk, uttalar Vinje, som meiner NRK fråskriv seg språkansvar.
Inger Johanne Solli, leiar av språkstyret i NRK, forklarer overfor Dagbladet at dei ser utbreiinga av Østfold-L-en på Austlandet som ei naturleg språkutvikling.
– Me seier ingenting om «Østfold-L-en», då me meiner han ikkje øydelegg for forståinga, seier Solli.
LES OGSÅ: Ein østfolding kjem ut or skapet som nynorsking
– Grusam hemn
Utspelet frå Vinje har vekt sterke reaksjonar dei siste dagane. Beskjeden frå Fredriksstad Blad er klar: «Ta deg en bojlle, Finn-Erik!», skriv dei på leiarplass.
I 2013 gav lokalavisa i Østfold-metropolen ut ei heil avis på dialekt, og måtte då tola å få kjeft frå Vinje.
«Kjære barn. Ikke la Finn-Erik Vinjes bekymring bli deres. Hans syn på språkutvikling er foreldet. Hans antipati mot vår dialekt er smålig,» skriv dei i dag.
LES OGSÅ: I fjor kom ei heil utgåve av Fredriksstad Blad på nynorsk. Finn ut kvifor!
«Heimfylket» til den utskjelte L-lyden svarar med humor på sin offisielle Twitter-konto:
He-he. Østfolds grusomme hevn mot alle som fliret av dialekten vår: Nå får de barn som snakker som osshttps://t.co/Jn6WpRRiqC
— Østfoldfylkeskommune (@ostfoldfk) 31. januar 2017
Finn-Erik Vinje, som tidlegare har kåra Fredrikstad-målet til «Noregs styggaste dialekt», blei rett og slett eigd, meinte somme.
@totlevase Altso … Når du vert eigd av EIN FYLKESKOMMUNE. Då er det kanskje på tide å ta seg ein roleg rosinbolle.
— Vebjørn Sture (@totlevase) 1. februar 2017
Andre tok seg tid til å argumentera mot Vinje:
4. Norge har ikke standardtalemål. Man kan si hva man vil, "Østfold-L" er ikke mer feil enn "tynn L" eller "tjukk L".
— Mina Finstad Berg (@minafberg) 1. februar 2017
Feil eller ikkje: Alt tyder på at Østfold-L-en held fram med å breia om seg, både i og utanfor TV.