Éin av fem studentar har opplevd diskriminering

21 prosent av norske studentar har opplevd diskriminering i studietida, viser ei ny undersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Diskriminering skal ikkje skje, og det er svært alvorleg at éin av fem studentar har opplevd diskriminering, seier Norsk studentorganisasjons (NSO) leiar Mats Johansen Beldo til Universitas.

Undersøkinga er gjennomført av Sentio på vegner av Universitas og NSO og har kartlagt om studentar har opplevd diskriminering på bakgrunn av kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, etnisk bakgrunn, religion eller funksjonsnedsetjing. 21 prosent har opplevd diskriminering.

– Eg vil vere klinkande klar på at det er uakseptabelt at studentar opplever diskriminering og trakassering under studia, og at eg forventar at institusjonane følgjer opp kvar enkelt situasjon og tar vare på dei involverte, seier Beldo.

Jon Rogstad er professor i sosiologi, forskar på minoritetar og arbeidsliv hos Fafo, og er ekspert på diskriminering.

– Om folk opplever at dei blir haldne utanfor fellesskap dei vil vere ein del av, ikkje på grunn av kva dei kan eller gjer, men på grunn av den dei er, så er jo det problematisk. Den enkelte og samfunnet taper når folk ikkje har moglegheita til å gjere det dei er gode på, på grunn av diskriminering, seier han.