Ambre, 20 år, fransk studine i Oslo.
Ambre, 20 år, fransk studine i Oslo.

“…dei svarte var sett på som undermenneska av undermenneska i konsentrasjonsleirane, mellom apa og jøden. Dei var dyr.” -Serge Bilé

For eitt år sidan vart eg ny stolt eigar av ein Galaxy Note III, men det er først nyleg at eg starta å gjere meg nytte av dei mange varierte applikasjonane han gjev meg tilgang til. Sidan eg starta å bruke telefonen på denne nye måten har eg testa ut mange slike applikasjonar, spesielt spel og ulike reiskap, men dei siste dagane har eg vore meir interessert i nettdiskusjonar. Eg hadde allereie høyrt om «Badoo» i Frankrike, så eg bestemte meg for å prøve det her i Norge. Eg hadde håpa eg no kunne rapportere berre gode ting om programmet, men det vart ikkje slik.

For det første synest eg Badoo i seg sjølv er ein interessant applikasjon som let deg møte menneske frå ulik bakgrunn og til med skape vennskap eller meir. Eg fekk gode samtalar med nokre svært venlege folk, men for nokre dagar sidan fann eg den verst tenkelege personen eg kunne ha møtt, ein svenske i 20-åra som bur i Oslo.

LES OGSÅ: – Eg er litt redd for å rope rasisme

«Fylle alle hola mine»
Eg vil spare dykk for den første detaljane i samtalen der han tilbyr meg å møtes for å ta narkotika saman med han. Når eg nekta dette gav han uttrykk for at den einaste årsaka han hadde for å konversere med meg i det heile var at han ville «fylle alle hola mine». Eg gjorde det klart at det var totalt uaktuelt å starte noko slikt med nokon som han, noko som resulterte i svaret «Men du er svart?»

Du er svart.

LES OGSÅ: Heidrar skular for antirasisme

Idéen mange kvite menn har
Dagen før dette hende snakka eg med ein ven om dette problemet. Alt som hender har si årsak, får eg tru.

Han trudde meg ikkje når eg sa at mange kvite menn meiner at svarte kvinner ikkje har same verdi som kvite kvinner. Om ein kvit mann set pris på og attrår ei svart kvinne burde ho vere stolt og berre gjere det han ber om og akseptere det han vil ha av henne.

Han har altså som kvit mann høgre verdi og heidrar henne med si interesse.

Nokre vil seie at folk som denne mannen berre er ein dårleg utdanna og arrogant idiot, men om ein tek vekk den frekke framtoninga, er han eit godt bilete på idèen mange kvite menn har av svarte kvinner. Eg er lei for å måtte seie at dette langt i frå er fyrste gong eg har vorte utsett for slike merknadar, og eg er berre 20 år gammal. «Du er svart, eg er kvit, kvifor vil du ikkje gå ut med meg?»(for å ta eit noko meir høfleg eksempel) fekk eg høyre frå ein fransk gut for nokre månadar sidan. Det festa seg godt nok i hovudet mitt til at eg kan hugse det like godt som om det var i går.

LES OGSÅ: Jødehatet på frammarsj i Europa

Berre ei «svart jente»
Kva kan ein gjere i slike situasjonar? Kan eg melde han til politiet? Eg tvilar veldig på at det vil ha noko effekt. Han vil ikkje bli straffa for noko som helst, han vil halde fram med å ha eit fint liv og sikkert halde fram med å audmjuke svarte kvinner på internett og sikkert andre stadar.

Meg har han i alle fall klart å gjere trist, og minne meg på at eg berre er ei «svart jente», ein del av ei undergruppe for alt for mange menneske.

Ei av dei viktigaste årsakene til at eg var redd for å reise frå Frankrike til Norge var rasisme og mangelen på mangfald i landet. Eg var sikker på at eg ville få mange ukomfortable opplevingar som denne. Det har synt seg å vere langt betre enn eg hadde sett for meg her, men det er framleis der. På gata, i restaurantar og på nettet, det ser ut som om eg må akseptere å vere eit offer for rasisme, blanda med ein bit kjønnsbasert diskriminering, heile livet, uansett kvar eg er.

LES OGSÅ: Mindre etnisk diskriminering

Er det rasisme?
Er klassifiseringa rasisme feil i denne samanhengen? Det meiner eg ikkje at det er. Rasisme er jo ein ideologi basert på trua på eit hierarki mellom grupper av menneske, «rasar» og åtferda inspirert av denne. Denne definisjonen gjer meg trygg på at det er rasisme eg står ovanfor. Eg er svart og difor mindre verd enn mannen. Sidan eg sa nei til invitasjonane han kom med, sjølv om han er ein kvit mann, kan han altså vere uhøfleg og etterkvart oppføre seg svært dårleg.

Eg skjøner at denne unge mannen er ei bølle og ein rasist. Å skrive om han vil gje han meir verdi enn han fortener. Men eg skriv ikkje for hans skuld, når eg bruker så mykje tid til å reflektere over dette er det i håp om at andre menn og kvinner kan lese artikkelen min og få ein annan måte å sjå på desse spørsmåla.

LES OGSÅ: Kven er verst? Køyr debatt!

Alt er mogleg
Det er vanskeleg å bringe ned fordommar, men i eit land der likskapsprinsippet er så sterkt og avansert som her i Noreg, vel eg å tru at alt er mogleg.

Eg har ikkje noko svar på dette problemet. Eg kan ikkje endre mentaliteten i samfunnet. Å skrive dette gjev meg ein sjanse til å eksternalisere eit sår og smerte, men eg hatar verkeleg denne posisjonen som offer eg er tvunge inn i og vil gjerne på eit vis reversere maktovertaket han fekk over meg ved å skrive. Eg skulle ønske slike som han ville lese dette og tenke over kva dei seier, men eg veit sjølvsagt at eg ikkje kjem til å nå han, han vil berre le godt om han skulle kome til å lese dette og for meg er det det som gjer mest vondt.

På den andre sida, om eg klarar å få deg til å reflektere over spørsmålet berre eit lite sekund, vil eg kjenne meg langt betre.

Ambre, 20 år, fransk studine i Oslo.

Ambre har sjølv vald å ikkje stå fram med fullt namn.

Oppdatert: onsdag 24. januar 2018 21.59
ANNONSE