Minoritetsmenn blir oftare diskriminert
Menn med innvandrarbakgrunn blir oftare diskriminert enn innvandrarkvinner, viser rapport frå Institutt for samfunnsforskning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Minoritetsmenn meir diskriminert
Ein tydeleg tendens viser at menn blir diskriminert i bustadmarknaden, i skule og utdanning, i arbeidslivet og i møte med ordensmakta, skriv Vårt Land.
LES OGSÅ: Ikkje lik alle andre
Éin av fem menn pakistanske menn diskriminert
Rapporten «Diskriminering av samar, nasjonale minoritetar og innvandrarar i Noreg» er laga av Institutt for samfunnsforskning på oppdrag for Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
24 prosent av menn med innvandrarbakgrunn opplyser at dei har opplevd diskriminering i møte med politi. 3 prosent av kvinner med innvandrarbakgrunn seier det same. Den svakaste gruppa på leigebustadmarknaden er menn med arabiske namn som arbeider i yrker med låg status. Dei har 25 prosent lågare sannsyn for å få leigd ein bustad enn kvinner i høgstatusyrke. 22 prosent av innvandrarar og barn av innvandrarar frå Pakistan har blitt utsett for diskriminering i skule og utdanning, mens 15 prosent av kvinnene seier det same.
Forskarane meiner dei veit kvifor menn blir diskriminert oftare.
– Den eine grunnen er at menn tar meir del på der diskrimineringa er kartlagt. Den andre er at dei oftare blir utsett for diskriminering, seier Arnfinn H. Midtbøen, som har laga rapporten saman med Hilde Lidén.
Midtbøen får støtte frå generalsekretær Sylo Taraku i LIM (Likestilling, mangfald, integrering) og dagleg leder Are Saastad ved Reform, ressurssenter for menn. (©NPK)