– Nynorsk er sjølvsagt på Vestlandet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsk er sjølvsagt i vest

 – Vestlandet, det er nynorsk, det, seier direktør Ottar Grepstad i ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Grepstad viser til den nye faktasamlinga «Språkfakta om Vestlandsregionen», som Nynorsk kultursentrum presenterte tysdag, der det går fram at nynorsken har ein klart dominerande posisjon på mange område i dei tre fylka.

 «Fjordland» var eitt av forslaga som kom inn då Framtida.no starta ei uhøgtideleg røysting om kva det nye storfylket på Vestlandet bør heite. Les alle forslaga her!

Intensjonsavtale utan målform
Bakgrunnen er at Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane førre veke presenterte ein intensjonsavtale om samanslåing til Vestlandsregionen, men utan å seie anna om språket enn at «nynorsk har vore, og er, ein viktig felles identitetsbyggar». Mange har reagert på at målforma i det nye storfylket er uavklart i avtalen, og at det språknøytrale Rogaland skal ha gått mot nynorsk som administrasjonsspråk.

– Vi har ønskt å vise kor viktig nynorsk er på Vestlandet, og kor viktig nynorsk på Vestlandet er for den språklege jamstillingspolitikken nasjonalt. Fleire innbyggjarar på Vestlandet enn elles i landet stør den politikken, seier Grepstad.

«Rogaland si framferd i fylkesforhandlingane skuffar oss som skriv nynorsk stort. Om ikkje Vestlandet skal bruka nynorsk, kven skal då gjere det?» skreiv KrF-politikar Tore Storehaug i eit Facebook-innlegg publisert på Framtida.no førre veke.

Åtte av ti kommunar
Av faktasamlinga går det fram at åtte av ti kommunar i dei tre fylka har nynorsk som administrasjonsspråk. Sju av ti kyrkjesokn bruker nynorsk liturgi, mens tre av fire aviser blir redigerte på nynorsk eller både nynorsk og bokmål. Dessutan bruker over halvparten av musea i dei tre fylka nynorsk, ifølgje Nynorsk kultursentrum.

– Sogn og Fjordane er det nynorske grunnfjellet, men Hordaland er tyngdepunktet, seier Grepstad. Hordaland har fleire nynorskkommunar, fleire nynorske kyrkjesokn og fleire nynorskaviser enn noko anna fylke.

Halvparten av alle nynorskelevane ved avgangseksamen i vidaregåande skule held dessutan til i Hordaland, mens Sogn og Fjordane truleg har fleire vaksne nynorskbrukarar enn Hordaland og mange fleire enn Rogaland.

Fleirtalet av innbyggjarar på Vestlandet held seg likevel til bokmål privat, men i mange område utanfor byane dominerer nynorskbrukarane. (©NPK)