Fortalte om mobbing – no blir han hylla av superstjernene

Mora sin video av elleveåringen sine mobbeopplevingar er sett av millionar.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå ABC Nyheter

Keaton Jones er eit namn som har gått som ein farsott på nettet dei siste dagane. Mora hans la ut ein video der den elleve år gamle guten fortel at han blir mobba.

No får han støtte av superstjerner som Justin Bieber og Katy Perry.

Mora: – Kvifor mobbar dei?

Keaton: – Dei gjorde narr av nasen min, dei kalte meg stygg og dei sa eg ikkje har nokon vener.

Samtalen fann stad då mora Kimberly Jones måtte hente sonen på skulen etter at han blei trakassert i lunsjpausen. Den amerikanske guten, som går på skule i Knoxville i Tennessee, er uroleg for å ete med dei andre.

Får kjendisskryt

Ifølgje CBS er videoen sett av over 20 millionar på Facebook, og er delt vidare i nyheitsmedium verda over.

Den verdskjende popstjerna Justin Bieber er imponert over guten, og kallar han ein legende.

Avengers-skodespelar Chris Evans spelar «Captain America», og vil ha Keaton med på premieren av den tredje filmen som kjem på kino neste år.

https://twitter.com/ChrisEvans/status/939976020479938562

https://twitter.com/katyperry/status/939992273135243266

https://www.instagram.com/p/Bci-7lQDdN5/?hl=nb&taken-by=justinbieber