Fleire ungdomsskoleelevar i Oppland enn Hordaland nyttar tilbod om matte på vgs-nivå

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 18.01.2018 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For få bruker tilbod om matte på vgs-nivå

Den virtuelle matematikkskulen (DVM) er eit nettbasert tilbod for elevar på ungdomsskuletrinnet, og målet er nivåtilpassa matematikkopplæring gjennom nye former for IKT. Dei elevane som har høge eller låge resultat i faget kan få tilbod om tilpassa opplæring.

Les også: Stian (15) og Jarle (15) går på ungdomsskulen, men tar matte på vidaregåande

Dei nye tala frå Utdanningsdirektoratet syner at forskjellen mellom kor mange som nyttar seg av tilbodet om tilpassa opplæring på Austlandet og Vestlandet er enorm:

Austlandsfylke: 

  • Akershus: 414 elevar
  • Oslo fylke: 416
  • Hedmark: 50
  • Oppland 82
  • Buskerud 86
  • Vestfold 51
  • Telemark 29
  • Østfold: 2

Vestlandsfylke: 

  • Hordaland: 60
  • Rogaland: 46
  • Sogn og Fjordane: 2
  • Møre og Romsdal: 48

— Vi må opplyse elevar

Emil Gadolin (Ap) er utvalsleiar i opplæring og helse i Hordaland fylkeskommune. Han trur foreldre på Austlandet har betre oversikt over kva moglegheiter elevar har til å ta fag på høgare nivå.

— Meg eg trur hovudforklaringa handlar om dei store avstandane vi har på Vestlandet. For eksempel er det langt frå alle kommunar som har ein vidaregåande skule.

— Vil ikkje ei slik skeivfordeling auke forskjellane i kunnskap mellom elevar i aust, vest og nord?

— Eg trur vi må gjere meir for å oppmuntre elevar til å nytte denne moglegheita. Vi må opplyse foreldre og ungdommar om kva rettar dei har, og bli betre til å samarbeide på tvers av skuletrinn. Tilpassa opplæring er viktig for alle elevar, både for dei som slit og dei som treng ei ekstra fagleg utfordring.

— Ikkje noko med intelligens å gjere

Gruppeleiar Roald Stenseide (Askøy FrP) er tidlegare utvalsleiar i opplæring og helse i Hordaland. Han trur at forskjellen på aust og vest ligg i manglande tradisjon og tilrettelegging.

— Dette har ikkje noko med intelligens å gjere. Det er verd å merke seg at Hordaland og Rogaland ligg ganske likt. Det er i aust at dette skil seg ut. Ønsker ein at fleire tar vidaregåandefag i ungdomsskulen, må det nyttast ressursar på det, og ein må legge tilrette for det, seier Stenseide, som i 2014 også uttala seg om forskjellane mellom aust og vest.

Han er klar når det gjeld målet med tiltaket:

— Det interessante spørsmålet er om det bidrar til auka gjennomføring av vidaregåande, ikkje kor mange som tar VGS-fag på ungdomsskulen.

Roald Stenseide, tidlegare leiar i opplærings- og helseutvalet i Hordaland fylkeskommune. Foto: Coulorbox/Hordaland.no

Manglar organisering

På oppdrag for Senter for IKT i utdanningen har Den virtuelle matematikkskulen no blitt evaluert. Der er konklusjonen at tilbodet har blitt betre i 2017 enn tidlegare, og at elevar er nøgde med faget. I tillegg ser gode teknologiske verktøy ut til å vere motiverande for elevane som slit i faget.

Samstundes har nokre av sanntidsøktene vorte forringa av tekniske problem, og ein del lærarar har lagt ulike fortolkingar rundt kva elevar som skulle få tilbodet. Eit kanskje endå større problem er at det framleis manglar klare retningslinjer for organiseringa av tilbodet ved skulane.

— Heilskap i opplæringa

Rahman Chaudhry, leiar i Elevorganisasjonen, meiner Den virtuelle matematikkskulen er eit godt utgangspunkt for tilpassa opplæring.

— Alle lærer i ulik fart. Somme treng større utfordringar, andre treng eit år til på ungdomsskulen. Elevar må få tilpassing på sitt nivå, og det er bra at tilbodet vert nytta i nokre delar av landet – og ei utfordring at det ikkje vert nytta nok andre stadar.

Chaudhry trur at det i Oslo er eit godt samarbeid både med grunnskulen og vidaregåande. Heilskapen i opplæringa gjer at fleire kanskje får tilbodet.

— Eg vil ikkje spekulere i kvifor tilbodet ikkje vert like ofte nytta i andre delar av landet. Alle elevar bør få dei same moglegheitene. Det er langt å gå, og synd at det ikkje er tilgjengeleg for alle. Det kan absolutt ha noko med store avstandar å gjere, seier han.

Nasjonal leiar i Elevorganisasjonen, Rahman Chaudhry. Foto: Elevorganisasjonen

— Har ikkje kome langt nok

Chaudhry fortel at Kunnskapsdepartementet i oktober lanserte ein digital strategi for fjernundervising. Dette er han positiv til, men samstundes har vi ikkje kome langt nok, meiner han:

— Tiltak som DVM er berre i startfasen, og det er alltid utfordringar i starten for nye satsingar. I alle fall når dei er både tidkrevjande og ressurskrevjande. Det betyr ikkje at ein ikkje skal satse på dei.

— Trur du DVM er eit realistisk mål om å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring?

— Det krev politisk vilje for å auke gjennomføringa, det krev ressursar og eit langsiktig arbeid. I utgangspunktet er dette eit godt tiltak i å legge tilrette for fleire.