Personleg paradigmeskifte

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eit poeng med boka er å problematisere kjønn

Hovudpersonen i «Alt uavklart» er journalist. Ho er av den typen journalist som har skrive ferdig saka før ho i det heile har snakka med personen det skal handle om. Det handlar berre om å få intervjuobjektet til å seie dei rette orda, å få tak i dei rette sitata. Til og med tittelen har ho klar.

På veg for å møte romandebutant Unn Conradi Andersen tek eg meg sjølv i å gjere det same. Boka handlar om Torunn, ein innflyttar med hus, heim, mann og god jobb. I løpet av boka byrjar Torunn å grave i historia om kva farfaren dreiv på med under krigen, og byrjar samstundes å grave i sitt eige kjensle- og kjønnsliv. Det blir omveltingar. Ja, ein kan nesten kalle det eit personleg paradigmeskifte. Og eg har tittelen min klar.

– «Personleg paradigmeskifte»?, spør Andersen då fortel om ideen min.

– Har du tenkte å kalle intervjuet det? Paradigmeskifte er ikkje eit godt tittelord. Du kan ikkje ha eit framandord i ein tittel, og han har veldig liten stopp-effekt, seier Andersen.

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Å kunne skrive fritt

Det er skummelt å intervjue nokon som i mange år var journalist i Dagbladet. Særleg når vedkommande har skrive ei bok der ho freistar å utfordre stereotypiar og pille på vedtekne sanningar. Det er fort å avsløre seg sjølv som like ignorant som majoritetssamfunnet elles.

Oktober forlag, 2017.

Men Andersen er raus og imøtekommande, og seier at ho skal prøve å formulere seg slik at det skal bli lett for meg å skrive ut intervjuet etterpå. Men ho er i ikkje journalist lenger. Etter femten år i Dagbladet, vart ho sosiolog og arbeidde med kjønn og normer. Og etter nokre år som akademikar har ho no blitt romanforfattar. Ho måtte ha eit rom som ikkje var avgrensa. Ikkje av form og ikkje av innhald.

– Då eg var journalist, visste eg alltid kvar grensa gjekk for kva eg kunne skrive utan gjere det vanskeleg for lesaren. Difor heldt eg meg midt i gata, og godt innanfor. I det akademiske miljøet er det også klåre sjangerkrav, det skal skrivast på engelsk, teksten skal kunne etterprøvast og metoden skal vere synleg. Språket vart veldig disiplinert. Men ut av desse strenge sjangerkrava kom det ein lekkasje av eit anna språk, og den lekkasjen har blitt til denne romanen. Her har eg gitt meg sjølv løyve til å skrive akkurat det eg vil. Torunn skulle få lov til å bli akkurat slik ho ville. Dette har vore utruleg frigjerande.

Ikkje «kome-ut-av-skåpet»-bok

– Eg har vore oppteken av spørsmål om kjønn, og eg kjende at i ein roman ville eg kome til tematikken på ein litt annan måte. Hovudpersonen min er ein kompleks person, med samansette eigenskapar, eigenskapar som ein vanlegvis knyter anten til menn eller til kvinner. Ho er aggressiv og sint, og ho er mjuk og omsorgsfull. Alt for å gje henne ein kompleks kjønnsidentitet. Og det er ikkje tilfeldig at ho heiter Torunn.

– Så kom tematikken kom til deg fyrst?

– Alt skjer i skrivinga. Ein kan skrive komplekse saker om ein berre kjem i gang, og slik var det også her. Eg har jo halde på med denne boka i fem år, så det har vore eit omfattande arbeid med teksten.

– Det er ein ørliten del 2 til slutt. Var den eit resultat av dette arbeidet? 

– Ja, det er han nok. Han er der av di eg ikkje ville skrive ein «kome-ut-av-skapet»-roman. Eitt av poenga med boka er å problematisere kjønnskategoriar, og det er eg glad for at fleire av bokmeldarane har skjøna. Eg ynskte å utfordre stigma og fordommar, og om det då skulle enda med at Torunn blir saman med ei dame, så ville eg risikere at bokmeldingane vart heitande «Vellukka kome-ut-av-skåpet-roman» eller «Middels vellukka kome-ut-av-skåpet-roman», alt etter som. Det ville eg ikkje at det skulle vere. Så eg har rota det til fleire gonger for nett å unngå dette. Difor kom eg på at Torunn kunne få møte ein mann og få kjensler for han, og det vart så denne delen til slutt.

Hamne utanfor majoriteten

– No snakkar me mykje om kjønn, men det er nok av problemstillingar i boka.

– Ja, det er vel ein klassisk debutroman, der ein kjenner at det er ganske mykje ein skulle ha sagt. Samstundes klarer nok lesarane å sjå at alt dette heng i saman. Denne historia frå krigen og farfaren min som røysta NS var ein av motorane i arbeidet. Skal ein skrive ein roman, må ein vere nyfiken. Og eg var nyfiken på denne historia. Å vere NS-born har lenge vore eit stigma, på same måten som det å ha ei anna legning. Det er moglegvis ei dryg samanlikning, men for meg handlar det om korleis majoritetssamfunnet ynskjer at ein skal stå fram. Stå fram? Kvifor skal det vere eit mål? Er det for at majoriteten skal vise storsinn og akseptere deg? Eg er ikkje interessert i den aksepten, og eg trur ikkje far var så interessert i det heller. Ein slik aksept har ein tendens til å låse den som blir akseptert, i ein underordna posisjon. Det ligg mykje makt i å tolerere andre.

– Med andre ord handlar dette om å stå utanfor?

– Torunn har i utgangspunktet alle privilegium. Ho har kjempegod jobb, har ein kjærast og ei fin leilegheit. I løpet av boka hamnar ho på utsida, og det er i utgangspunktet ein nedtur. Men ved å stå på utsida, får ho eit anna perspektiv, ho ser ting på andre måtar. Mot slutten har denne usympatiske Torunn utvikla litt meir medkjensle og har fått ei betre evne til å setje seg inn i andre sine liv og val. Det er ein verdi, seier Andersen.

Nokre dagar seinare har ho fått lese gjennom intervjuet og tenkt seg om. «Og no ser eg det heilt klart: tittelen din står jo som ei kule. Ein skal ikkje undervurdere lesaren heller.»

Intervjuet er henta med løyve frå siste utgåve av Norsk Tidend.

LES OGSÅ: Fem bøker om feminisme som bør liggja under alle juletre i år

Fakta: Unn Conradi Andersen

Forskar, forfattar og sosiolog.
Aktuell med romanen Alt uavklart.
Fødd i 1972, og oppvaksen i Ulsteinvik.
Byrja som lokalavisjournalist i Vikebladet som 16-åring.