Etter Melodi Grand Prix 2014 veit alle at det finst damer med skjegg. Men visste du at det òg finst menn med livmor og folk som korkje er kar eller kvinne? 

Mange meiner at slikt berre er vås og rare påfunn, men det som er eit rart påfunn, er systemet med to skarpt åtskilde kjønn.

Midt i juli var eg på trans- og kjønnsmangfaldsleiren til Skeiv Ungdom. Der gjekk eg med ei underleg kjensle, og den kjensla hadde éi særskilt årsak: Eg var omgjeven av folk som gjer som eg. Og kva er det eg gjer, som dei andre på leiren òg gjer? Me bryt og bender dei rådande kjønnsnormene, altså dei skrivne og uskrivne reglane for kva kjønn er, korleis dei ulike kjønna skal te seg og kle seg, at gutar skal vera slik, jenter skal vera sånn og så vidare. Det at det berre finst to kjønn, kar og kvinne, er òg ei kjønnsnorm – tru det eller ei!

LES OGSÅ: Viktig siger for transpersonar i Kenya

Desse normene fekk køyrt seg på Skeiv Ungdom-leiren. Der var me frie til å vrengja og sprengja dei etablerte kjønnskategoriane, kødda med kjønnssystemet og vera oss sjølve – utan å få negative reaksjonar av noko slag.

Mange kjønnsnormer snevrar inn livsrommet og gjer tilværet vanskeleg for mange menneske, anten dei er «streite» eller «skeive». Det skulle vera nok å nemna at det vanvituge kroppspresset i samfunnet vårt heng i hop med kjønnsnormene. Kva om me kan gå saman om å vida ut handlingsrommet, slakka litt på dei stramme tyglane? Eller kva om me rett og slett tek til å tenkja og tala om kjønn på ein annan måte?

LES OGSÅ: Transformatoren

Då kan me fyrst byrja med tillagt kjønn. Alle har eit tillagt kjønn, til og med dei som aldri har høyrt om det. Tillagt kjønn er det kjønnet du vart tildelt ved fødselen (eller endåtil før du vart fødd, ved ultraljod). Det fungerer slik: Foreldre, helsepersonell og andre kikar mellom beina på ungen og seier «det er gut» eller «det er jente». Det er visst uhyre viktig for folk å få dette avklart. Men merk deg at i nokre tilfelle greier dei ikkje avgjera saka der og då: Kvart år vert det i Noreg fødd kring 10–11 born med «uklart» kjønn, der kroppen har trekk frå båe kjønna. Det er sjeldan noko gale med desse kroppane. Dei er ikkje sjuke. Naturen har skapt dei slik, og naturen held fram med å skapa slike menneske. Likevel vert mange av desse heilt friske borna opererte etter kort tid, slik at dei skal «passa inn» i éin av dei to kjønnskategoriane, gut eller jente. Tygg litt på det!

LES OGSÅ: Ein realistisk visjonær

Kort sagt: I dag er systemet slik at nokon andre enn du sjølv avgjer kva kjønn du skal vera. I mange tilfelle fungerer den ordninga temmeleg greitt: Eit barn kjem til verda, nokon ser kroppen og seier «det er ei jente», og barnet veks opp og kjenner seg som jente. Men ofte – langt oftare enn du skulle tru – rimar ikkje det tillagde kjønnet med røynda. Eg vil tru at berre i Noreg veks mange tusen ungar opp og kjenner at det tillagde kjønnet er feil eller for trongt. Anten fordi dei opplever seg som «det motsette kjønn», eller som båe kjønna, eller som ingen av delane, eller noko anna.

LES OGSÅ: – Valet er mitt

Framlegg til løysing: Me blæs i å putta andre folk i ein bås og meina at dei skal vera slik og slik. I same slengen blæs me i å hengja ut og herja med folk som bryt dei tradisjonelle kjønnsnormene. (Ja, det å bryta med kjønnsnormene er faktisk ein ekstremsport: Folk vert banka og jamvel drepne for det, og nokre vel å enda livet sitt sjølv.)

For dei som synest det verkar vanskeleg å ikkje kategorisera folk som anten mann eller kvinne, har eg eit godt tips: Du bør konsentrera deg om å sjå enkeltindividet. Eit tenkt eksempel: Du møter eit vakse menneske som har ljos røyst, skjegglause kjakar, runde hofter og puppar, altså det som går for å vera ein kvinnekropp. Dette mennesket seier «eg heiter Petter, eg er mann og vil omtalast med pronomenet han». Er det vanskeleg å seia han om dette mennesket? Niks! For det fyrste er det rein folkeskikk, for det andre går det faktisk av seg sjølv, berre du brukar sansane og har omtanke for den andre. Då er både hjarta og hjernen din heilt med på at dette er ein han, ikkje ei ho.

Eit innskot til det nemnde eksempelet: Det er ingen grunn til å tenkja eller seia at dette mennesket «eigentleg» er kvinne, eller at det «naturlege kjønnet» er kvinne. For kva er mest «eigentleg»: det kjønnet personen sjølv opplever seg som, eller det kjønnet andre folk seier at denne personen skal vera? Det fyrste, sjølvsagt. Så til ordet naturleg, som vert nytta i hytt og pine og dermed har eit lass med tydingar: Naturleg kjem frå latin og tyder ʻmedfødd’. Men er kjønnet medfødt? Det er faktisk vanskeleg å svara på, når me tenkjer etter. Kom i hug det eg sa om tillagt kjønn: Me vert fødde med ein kropp, og så seier nokon at denne nyfødde kroppen er mannleg eller kvinneleg. Men ein kvinnekropp kan kjenna seg som mann heile livet. Kva er då det «naturlege kjønnet»?

LES OGSÅ: Skeiv litteratur til folket!

Dermed kokar alt ned til dette: Kjønn er ikkje så enkelt som det fyrst ser ut til. I alle fall er ikkje kjønn og kropp det same. Det finst menn med livmor og kvinner med testiklar og folk som ikkje er noko kjønn i det heile.

Dersom du synest alt eg har skrive, verkar heilt ko-ko, kan du prøva deg fram med dette eksperimentet: Stopp folk på gata og spør kva kjønn dei er. Dei fleste kjem nok til å himla med augo og tykkja at du stiller eit utruleg dumt spørsmål, og så seier dei brennsikkert at «eg er mann» eller «eg er kvinne». Men så kan du spørja: «Korleis veit du at du er mann/kvinne? Kva er det som gjer deg til mann/kvinne?» Då får dei større problem. Nokon kjem kanskje dragande med kjønnsorgana: «Eg har mannlege kjønnsorgan, så eg er mann». Då kan du til dømes fylgja opp slik: «Tenk deg at du kom i ei bilulukke som gjorde at du måtte endra eller operera bort kjønnsorgana. Ville du framleis vera mann då?»

LES OGSÅ: Fristad for trans*ungdom

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE