Skrekkfilm på godt og vondt

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor er skrekkfilm så populært

Skrekkfilm er eit relativt nytt fenomen i historisk samanheng. Vi kjenner likevel til skrekkhistoriar som går heilt attende til dei gamle greske bystatane for meir enn 2500 år sidan. Men kvifor vel så mange frivillig å sjå skrekkfilmar, lese skumle historier og oppsøkje situasjonar der dei let seg skremme?

– Eg har alltid vore fascinert av skrekkgenren og paradoksa i han. Kvifor oppsøker ein det? Korleis virkar det? Kvifor blir vi så redde når vi godt veit at det berre er fiksjon? Eg har sett veldig mange skrekkfilmar i forskinga sitt namn, men eg vert stadig skremt, seier den danske skrekkforskaren Mathias Clasen, lektor ved instituttet for kommunikasjon og kultur ved Aarhus Universitet.

Clasen vedgår at han likar skrekkfilmar, men seier òg at det kan bli for mykje, og at han aldri har klart å fullføre enkelte filmar. Han nemner asiatiske filmar som Honogurai mizu no soko kara (Dark Water) frå 2002 og den relativt nye Babadook (2014) som døme på dette.

– Det ligg i naturen til mennesket å vere fascinert av det farlege og det skrekkelege. Når det farlege er på trygg avstand vert vi drege mot det. Vi kan på denne måten oppleve korleis det er å kjenne seg vilt redd, men utan at der er nokon risiko forbunde med det. Det er ei form for simulering som gjev oss erfaring med negative kjensler som frykt og redsel, og med dei dystre sidene til livet.

Skrekkfilm har positive og negative sider

Når det gjeld skrekkelege bilete, vel ein sjølv å la seg skremme sjølv om det affekterer ein negativt, hevda mellom anna Jeffrey Goldstein, professor i sosialpsykologi ved Universitetet i Utrecht i Nederland.

– Folk har eigenskapen til å gje merksemd så lite eller så mykje som dei kjenner at dei kan gjere for å kontrollere effekta det har på dei, kjenslemessig eller annleis, hevda han til LiveScience.

Clasen vedgår at somme kan få negative effekter av skrekkfilmar.

– Mediepsykologar har dokumentert korleis ein kan få traume – med mareritt og åtferdsforstyrringar – ved å utsetje seg for skrekkfilm som barn. Dei fleste kjenner nok kjensla av å vera ekstra nervøs i timar, dagar eller veker etter å ha sett ein skrekkfilm. Men eg meiner òg der kan vere positive effektar, blant anna fordi vi lærer noko om våre eigne reaksjonar. Det er berre ikkje særleg godt dokumentert i forskinga, kommenterer han.

Fantasivesen som gjenferd vanlege

– Monster har funne ein naturleg heim i skrekkgenren, fordi genren jo har som ambisjon å skremme oss – og monster skremmer oss. Men det er merkeleg at det er så mange unaturlege og uhyggelege vesen i førestillingsverdene våre. Igjen trur eg det heng saman med naturen vår. Sjølv om dei fleste av oss lever relativt sikre og trygge liv, ligg det veldig djupt i naturen vår å vere fascinert av uhyggelege historier og monster.

Det som skremmer i skrekkfilm

Folk er ofte redde for dei same tinga, som å døy, verte alvorleg sjuke, miste dei dei elskar, mørke, slangar, edderkoppar, innestengde rom og å verta bedømt av andre, hevdar Clasen.

– Mange av dei mest typiske fobiobjekta spelar faktisk ikkje den store rolla i moderne dødstatistikkar, men dei speglar den slags trugsmål dei evolusjonære forfedrane våre har stått overfor. Derfor utviklar vi veldig lett fobiar overfor den slags objekt og situasjonar, og ikkje nødvendigvis det som faktisk utgjer eit trugsmål mot oss, som til dømes usunn mat.

TEDtalk frå Mathias Clasen.

Fakta

Mathias Clasen er dansk og har skreve 7 skrekkrelaterte bøker, den siste er kalla Why Horror Seduces og kom ut i 2017. Han har doktorgrad i litteratur og media frå Aarhus Universitet.

Kjelde: Wikipedia