«Juleblod»-regissøren lovar: – Ein koseleg, men creepy, julefilm

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 18.12.2017 19:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein koseleg, men creepy, julefilm

Seriemordaren i nissedrakt, som i 13 år har øksa ned offera sine på julaftan, blir spelt av prislønte Jørgen Langhelle. Frank Kjosås, i rolla som psykiater, fastslår om mordaren i nissedrakt: «Han skal ikkje eksistere. Han er manifestasjonen på rein og skjær vondskap».

På rollelista står dessutan Stig Henrik Hoff og Sondre Krogtoft Larsen som etterforskarane som prøver å stoppe den juleaggressive seriemordaren, og Marte Sæteren, Truls Svendsen, Haddy Jallow og Julia Schacht. Men han som obduserer nisseoffera, blir derimot spelt av ein filmdebutant:

Saka held fram under bilete

Thomas Felberg filmdebuterer i «Juleblod» – og spiller obdusent, etter først å ha tilbudt seg å la seg myrde foran kamera. Foto: Another World Entertainment Norway

Skrekkfilm-fan

Med «Juleblod» gjer programleiaren og rockeartisten Thomas Felberg nemleg filmdebut. For dei som vil sakne å sjå han i fri dressur på «Stjernekamp» kvar veke, kan kinosalen med «Juleblod» på menyen altså vere eit alternativ.

– Det er ikkje den største rolla i verda. Men eg er gammal filmfrik og skrekkfilmfan. Sidan eg kjenner nokon hos distributøren, sa eg at eg gjerne ville la meg myrde på lerretet om anledninga baud seg. Det blei det ikkje noko av, så i staden spurde dei meg om å spele likobdusent! Eg står framfor eit lik og spelar litt mystisk, ler han.

Thomas Felberg er entusiastisk om debutrolla, sjølv om han måtte byte ut rampelys og stjernekampglitter med kjellarlokale, liksomlik og blodstenkt forkle. Trass i den dystre handlinga i «Juleblod», så lokkar Felberg kinogjengarar slik:

– Dette blir gøy, som ei berg og dalbane, så ta med popkorn!

Trur på breitt publikum

Bak «Juleblod» står regissør Reinert Kiil. Med amerikanske juleslasher-kultklassikarar som «Silent Night, Deadly Night» (1984) og «Black Christmas» (1974) spøkande i bakhovudet lagar han nå første norske filmen i denne sjangeren.

Men kvifor ta blodet fatt i julekosen?

– All skrekk som er god skrekk blir behandla gjennom noko vi har veldig kjært. I jula har vi det koseleg og trygt og fint med familien, og så kjem det ein undertone som blir ekstremt ekkel, seier Kiil, som har brukt ti år å verkeleggjere «Juleblod», som han skreiv manus til allereie i 2007.

Intetanende om farene som lurer på julaften, feirer en venninnegjeng jul sammen i Reinert Kiils nye juleslasher «Juleblod». Her er Marte Sæteren i rollen som Julia.  Foto: Another World Entertainment Norway

– Vi hadde filmen nesten på beina i 2011. Då døydde jo Daniel, seier Kiil om samarbeidspartnaren og produsenten Daniel Henriksbø, som saman med ein fotograf blei tatt av ein kjempebølgje og omkom under ei filminnstilling.

Nytt slag

Neste slag blei då islandsk-amerikanske Gunnar Milton Hansen frå «Texas Chainsaw Massacre», tiltenkt rolla som julemordaren, døydde i 2015. Då tok Reinert Kiil mot til seg og spurde Jørgen Langhelle, som han kallar «Norges mest eksentriske og fantastiske skodespelar».

– Eg måtte enten gå til USA og finne ein annan, ikonisk skodespelar, eller hente inn noko heilt nye. Jørgen har heilt eineståande nærvær på lerretet, og eg er stolt over å få jobbe med han, seier Kiil til NTB.

I mellomtida laga Reinert Kiil den klassiske skrekkfilmen «Huset», som ein kunne sjå på kinoar i fjor. Då var han meir redd ved premieretider enn han er med «Juleblod». For allereie før hovudpremieren 3. november har han fått god respons frå eit par tusen publikummarar, som har sett filmen på drøssevis med førpremierar rundt i landet – sidan filmen er spelt inn mange ulike plassar.

«Juleblod»-aktuell: Stig Henrik Hoff i rollen som etterforskeren som har jaktet på Nissen, den juleblodtørstige seriemorderen, i mange år. Foto: Another World Entertainment Norway

– No er det ikkje fleire overraskingar som kan komme! Om éin eller ti ikkje likar filmen, spelar det mindre rolle når over tusen andre eg har møtt har likt den. Då føler ein at ein har gjort noko rett, seier Kiil – som no håper på eit publikum som er «spreidd over heile fjøla».

Koseleg, men creepy

– Hovudpublikummet vårt er frå 13 til 25-30, men eg trur vi treff litt eldre også, fordi eg sjølv er opptatt av tradisjonelle komediar som «Heime åleine». Eg håper folk gir filmen ein sjanse, seier han:

– Det eg kan love kinopublikummet, er det kva folk allereie har sagt til meg: At det er eit Noreg i eit anna univers, ein spennande film med litt blod og gørr, men som samtidig har karakterar som folk kjenner igjen – sjølv om dei er sett litt på spissen, heiter det frå regissøren.

Som lèt til å vere litt mindre opptatt av mengda med blod og gørr enn ein kunne trudd.

– Skriv at folk synest det er ein koseleg, men jævlig creepy, julefilm. Er ikkje det litt betre å seie?

Sjå traileren til «Juleblod»!