Vegen mot draumekarrieren

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søknadsfristane nærmar seg, så kanskje står du framom eit val om kva utdanning du skal velje? Eller kanskje er du allereie student, og lurar på kva du kan gjere for å kapre draumejobben?

Vi har møtt hovudjeger Christian Platou i rekrutteringsbyrået Headhunt, som kvar dag skaffar arbeidsgjevarar bra folk og sel inn gode kandidatar.

– Har du eit mål, er det viktig å vite kva målet ditt inneber og at det er i samsvar med det som er realistisk. For mål kan vera uoverkommelege – alle kan ikkje verte forretningsadvokat eller fyrstefiolinist. Samstundes er det viktig å lage mange delmål, då vert målet meir overkommeleg, forklarar han.

LES OGSÅ: Gjennom mørke linser

Maksimere seg sjølv
Kven er du? Kva er fornuftig objektivt sett? Kva gjer jobb? Desse spørsmåla meiner Platou ein bør stille seg sjølv, i det ein skal velje utdanning. Han meiner kombinasjonen av kva ein sjølv ynskjer og kva som er fornuftig, er viktig.

– Dess flinkare ein er til det ein gjer, dess meir kan ein sjå bort frå det fornuftige. Skal ein leve av å spele fiolin må ein kanskje vera blant dei fem beste, medan det stort sett alltid ordnar seg om ein vel å verte ingeniør eller jurist. Samstundes peikar han på at det er lettare å velje det kreative i gode økonomiske tider.

– Utdanningsval handlar også om å maksimere seg sjølv, ein må føle på det ein likar best. Av folk som har take utdanningsval etter kven dei er, trur eg ikkje like mange angrar, held Platou fram. Han trur mange føler på forventningane heimafrå og frå andre.

– Bestemmer ein sjølv kva ein skal, får ein meir overskot til å gjere nett det.

LES OGSÅ: Headhuntar studentar til oljenæringa

Dropp planlaust surr
Kanskje er du skulelei, har lyst til å gå på folkehøgskule eller drøymer om å reise jorda rundt. Mange unge lurer på om det er lov til å ”surre” litt før ein byrjar på høgare utdanning.

– Det kan vera fint å ta seg tid til å tenkje litt, samstundes må ein ikkje la det skli ut, seier Platou. Han peikar på at det er avgjerande kva ein brukar tida på, og kvifor ein eventuelt tek seg eit pusterom.

– Ingen arbeidsgjevarar set pris på planlaust surr, det vitnar om manglande evne til gjennomføring. Ser ein på livet som ein CV, er det betre å ha ein plan frå A til B. Til dømes om det handlar om å kome seg inn på eit studium, eller jobbe fyrst og så reise.

Kor lenge er det greitt å ta seg pause?

– Eitt år er fint, men det avgjerande er årsaka bak. At ein ikkje berre har valt minste motstands veg, og take fri berre for å drive dank.

LES OGSÅ: Fekk jobb etter Titanic-suksess

Lev eit liv
Studietida er lesesalar, pensum, eksamen og karakterar. Platou peikar på at kor viktige karakterane er, varierer frå bransje til bransje. Men at dei som regel vil vera praktiske for ein eventuell arbeidsgjevar, fordi dei syner kor flink ein er, til det ein skal gjere.

– Kva bør ein gjere i studietidetida, slik bortsett frå å studere?

– Leve eit liv! Bruke tid på vener og interesse. Det er veldig viktig å sjå på studiane som ein jobb, og ha vanlege arbeidsdagar. Alt for mange studerar heile tida. For det fyrste er det ikkje effektivt, for det andre vert ein utbrent på eit tidspunkt, forklarar Platou.

Han legg til at både verv og jobbing ved sidan av studia kan vera bra. Og at det syner at ein kan drive med ulike ting samtidig og tåler store arbeidsmengde. Samstundes understrakar han at det ikkje er bra om ein droppar studia på grunn av deltidsjobben, nett fordi det er studia som er det viktige for å få jobben ein faktisk ynskjer.

– Når bør ein starte å leite etter sin fyrste ”ordentlege” jobb?

– Det er lurt å forhøyre seg undervegs i studiet, og å skaffe seg kunnskap om arbeidsmarknaden. Då slepp ein kanskje slike no må eg ha jobb – situasjonar.

LES OGSÅ: Avslører søkjarar på Facebook

Nynorsk ikkje negativt
For å finne draumejobben må ein søke. Platou peikar på at søknaden bør vera korte og konkrete, og at det er lurt å bruke ein av dei mange CV – malane som ligg ute på nettet. 

Er det lurt å skrive jobbsøknaden på nynorsk?

– Eg har aldri høyrt at det er negativt, det skal ikkje ha nokon innverknad. Kjem søknaden til feil arbeidsgjevar, kan han kanskje tenke at det er ein person frå landet som berre knotar omkring. Men det kan slå like hardt andre vegen, om ein skriv ein søknad på ”vestkantbokmål” kan arbeidsgjevaren tenke at ein ikkje er folkeleg. Så eg vil ikkje råde nokon til å ikkje bruke nynorsk.

Platou peikar på at arbeidsgjevarar alltid leitar etter folk med gode kvalifikasjonar og dei rette personlege eigenskapane. Derfor er det viktig å få fram kva kunnskapar ein har, og vite om ein jobbar best sjølvstendig eller saman med andre. Han peikar også på at ein ikkje skal vera redd for korkje å søke eller å ta kontakt med ein hovudjeger, og slik få erfaringar med søkeprosessen. 

– Arbeidsmarknaden handlar om tilbod og etterspørsel. Det er alltid lov å prøve, og alltid lov å søke, avsluttar Christian Platou.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Faktaboks

Fem råd frå hovudjegeren

1. Hald fokus. Det er noko dei fleste av oss er alt for dårlege til.
2. Hadelmål undervegs.
3. Dra nytte av andres erfaringar, og snakk med folk.
4. Kompetansen din er både kva kvalifikasjonar du har, og dei personlege eigenskapane dine.
5. Stol på deg sjølv, då held du motivasjonen oppe.