Nordmenn blir ikkje dummare

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Videnskap.dk har undersøkt det vitskapelege grunnlaget for artikkelen, som blei plukka opp av det danske nyheitsbyrået Ritzau og sitert i ei rekke danske medium. Nettmagasinet har konkludert med at det ikkje finst noka ny undersøking som viser at intelligenskvotienten er fallande i skandinaviske land.

Nordmenn blir dummare var basert på ein artikkel i det svenske tidsskriftet Forskning & Framsteg , som igjen var basert på ein forskingsartikkel i tidsskriftet Intelligence. Men den sistnemnde artikkelen handlar slett ikkje om noka ny undersøking. Artikkelen er i staden ein slags oversiktsartikkel, skriven av intelligensforskaren James Flynn, professor ved University of Otago i New Zealand.

Stagnert

Undersøkinga det blir vist til når det gjeld IQ-en til danskane, er laga av den danske forskaren Thomas Teasdale for over ti år sidan. Den viste at IQ-en blant vernepliktige fall svakt med cirka 2 prosentpoeng i ein seksårsperiode mellom 1998 og 2004. Etter det har IQ-en lege stabilt til og med 2016, ifølgje Teasdales data.

– Det skjedde riktig nok eit ganske beskjedent fall i den gjennomsnittlege IQ-en på eit tidspunkt på slutten av 1990-talet og i starten av det nye hundreåret, men etterpå har IQ-en blant dei vernepliktige stagnert eller gått litt opp og ned, seier Teasdale, som er lektor ved psykologisk institutt ved Københavns Universitet.

Auke frå 1950

I artikkelen gjennomgår Flynn data som er samla inn om IQ i dei skandinaviske landa på 1980-talet, 1990-talet og i byrjinga av 2000-talet, og data frå USA fram til 2014.

På bakgrunn av dei gamle undersøkingane om IQ-utviklinga konkluderer professoren med at IQ-en til skandinavane er fallande, mens IQ-en til amerikanarane er stigande.

Flynn viser til at IQ-en blant nordmenn auka frå rundt 1950 til 1995. Han forklarer auken med at skule og arbeidsliv blei meir prega av abstrakt og rasjonell tenking. Vendepunktet forklarer han med at kvalitetsauken i skulen stoppa opp.

– Vi har sett at skulearbeidet er mindre krevjande i mange land, og at elevane bruker mindre tid på lesing og lekser, har han uttalt ifølgje Forskning & Framsteg.