Nordmenn blir dummare

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 04.01.2018 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nordmenn blir dummare – dette kan DU gjera

Etter fleire tiår med stadig aukande intelligens i dei nordiske landa har trenden snudd, ifølgje ein artikkel i tidsskriftet Intelligence.

I dei norske målingane er det færre som når toppnivået både i ordforståing og matematikkforståing, viser studien.

– Dette signaliserer utan tvil ei uttynning av dei med høge kognitive ferdigheiter, konstaterer James Flynn, forfattaren bak studien.

LES OGSÅ: Sjølv om gena påverkar intelligens, så kan me ikkje konstruera klokskap

Vendepunktet kom rundt 1995. Frå rundt 1950 auka IQ-en blant nordmenn, men etter den tid har IQ-en falle med 0,21 poeng i året, noko som betyr ein reduksjon på 6,5 poeng frå ein generasjon til den neste. Trenden er omtrent lik i Danmark og enda sterkare i Finland.

Det var den newzealandske statsvitaren Flynn som oppdaga at intelligensen hadde stige jamt i Skandinavia. Han meinte at endringa har årsak i meir abstrakt og rasjonell tenking i både skule og arbeidsliv. Men no meiner han at kvalitetsauken i skulen har stoppa.

LES OGSÅ: Vil ha kritisk tenking inn i skulen

– Vi har sett at skulearbeidet er mindre krevjande i mange land, og at elevane bruker mindre tid på lesing og lekser, seier han til det svenske magasinet Forsking & Framsteg.

Han veit ikkje om det går an å snu trenden, og rår skandinavane til å heller bruke tida si på å utnytte den faktiske auken.

– Men det hadde vore bra om fleire las tjukke bøker, gjerne om historie, seier Flynn. (©NPK)

Ver smart: les dei siste bokmeldingane våre her!

Eller trim hjernen med ein av quizane våre!