Høgskulen på Vestlandet kan få “språkpoliti”
Ei arbeidsgruppe ved Høgskulen på Vestlandet foreslår å opprette eit språkpolitisk utval som saman med eit eige språksenter skal overvake bruken av både nynorsk, bokmål og engelsk ved den nye storinstitusjonen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eit språkpolitisk utval på leiarnivå og eit eventuelt språksenteret er “avgjerande viktig” for oppfølginga av dei språkpolitiske retningslinjene, seier arbeidsgruppa i framlegget sitt til språklege retningslinjer for høgskulen.
I framlegget heiter det vidare at Høgskulen på Vestlandet skal ha ein tydeleg nynorskprofil, dyrke klarspråk og “halde ved like og vidareutvikle eit nynorsk fagspråk innanfor dei profesjons- og arbeidslivsretta faga og utdanningane”. Men viktig er det òg å sørgje for god balanse mellom norsk og engelsk.
– «Bad english» er det nye verdsspråket. Det er nødvendig å kunne beherske sitt eige morsmål godt for å kunne bruke framandspråk på ein tilfredsstillande måte, seier leiaren for arbeidsgruppa, seniorrådgivar Georg Arnestad ved Høgskulen på Vestlandet, til høgskuleavisa Khrono.
Kunnskapsdepartementet løfta i romjula ein streng peikefinger til universitets- og høgskulesektoren og bad institusjonane skjerpe seg når det gjaldt krava til veksling mellom bokmål og nynorsk. I eit brev til institusjonane sa departementet at dei kom til å gjere målveksling til eit tema i styringsdialogen framover.
Arnestad er positiv, men avventande til signala frå departementet. Han kunne godt tenkt seg sterkare sanksjonar mot dei som ikkje lever opp til krava i mållova.
– Det er opp til departementet å avgjere sanksjonar, men store bøter hadde vore tingen. Det må svi på pungen å bryte mållova, seier Arnestad til Khrono.